Eit fornuftig eksperiment

Publisert Sist oppdatert

I dag blir du kanskje skuldaa for å vere pessimistisk om du hevdar at verda er udemokratisk. Freedom House, ein amerikansk organisasjon som undersøkjer den politiske fridomen i eit globalt perspektiv, hevdar at det var 122 «valbare demokrati» i 2005. Det vil seie at 64 prosent av alle statar er meir eller mindre demokratiske. 46 prosent passerte Freedoms House sitt noko strengare krav om «politisk fridom».

Men at dei fleste landa i verda er demokratiske, fører ikkje til at verda – som ei global eining – blir meir demokratisk.

Somme ser på FN som ei slags verdsregjering, men organisasjonen har ikkje same myndigheit på internasjonalt plan som eit lands styresmakter har på nasjonalt plan. FN manglar både legitimiteten til ei valt regjering, og ofte også moglegheita til å handheve politikken sin.

Eit slikt parlament vil vere meir demokratisk enn dagens FN, som lid under at dei fem faste medlemmane av Tryggingsrådet har vetorett. Kvintetten tenkjer ofte først på sin eigen tryggleik og sine eigne interesser (som Kina openbert gjer i Darfur-spørsmålet). Dette skadar FNs legitimitet, særleg hjå utviklingslanda.

Det demokratiske underskotet i verda er motivasjonen bak tanken om eit verdsparlament (World Parliament). Tanken går kort sagt ut på at alle land skal være representert i parlamentet, og at land med mange innbyggere har fleire representanter enn folkefattige land.

Under årets ISFiT-festival ble det gjort eit eksperiment med eit slikt verdsparlament (sjå side 38). Eksperimentet gjekk ut på at 16 representantar frå ulike verdsdelar stemte over ein internasjonal intervensjon i Darfur. Fleirtalet stemte for ein intervensjon – stikk i strid i ønsket til dei afrikanske representantane.

Grunnleggarane av World Parliament ønskjer etter kvart at forument skal opparbeide så stor legitimitet at det skal bli umogleg for stormaktene og FN å ignorere dei. Men dei bør strekkje seg lenger enn det. Verdsparlamentet må kunne påberope seg å vite betre enn dei regionane som er direkte berørt av ei konflikt; til dømes å vedta ein intervensjon i Darfur, sjølv om Afrika ikkje ønskjer det. Viss ikkje, vil dei berre møte dei same skuldingane som FN møter i dag. Men det demokratiske prinsippet bak konseptet kan føre til at World Parliament vinn den naudsynte legitimiteten.

Powered by Labrador CMS