Fleire er ikkje betre
I elleve år har Noregs studentar hatt to store nasjonale interesseorganisasjonar: Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL). Saman representerer dei 200 000 medlemmar, men gjennomslagskrafta er ikkje imponerande.
Kravet om at studentar skulle tjene opp pensjonspoeng i løpet av studietida vart aldri teke på alvor av regjeringa, og opposisjonen omfavna det berre i eit anfall av politisk opportunisme; den årlege kampanjen for høgare studiestøtte fell for døve øyrer uavhengig av kven som sit i regjeringskontora, og bygging av studentbustadar vil aldri bli like populært som oppretting av barnehageplassar.
Studentpolitikk vil aldri bli eit tema som fengjer det breie laget av folket. Det vil aldri bli diskutert i Holmgang. Dermed er det desto viktigare at studentanes interesseorganisasjonar gjer ein god nok jobb som lobbyistar. Det gjer dei ikkje i dag.
Debatten om NSU og StL burde slå seg saman har pågått i fleire år no. Tilhengjarane meiner at ein organisasjon vil vere meir slagkraftig og stå sterkare overfor lite gåvmilde politikarar. Skeptikarane hevder at ein samanslått organisasjon vil bli stor, byråkratisk og prega av for mange fraksjonar.
Begge partar har eit poeng. Mange medlemmar i ryggen er ofte viktigare for å overtyde politikarar enn gode argument. Samstundes må organisasjonen fungere effektivt for å produsere politiske vedtak raskt nok til at dei kan setje dagsorden. I Noreg er ein imidlertid van med at organisasjonar kranglar innad. Det svekkjer det indre arbeidet meir enn truverda utad.
Hovudpoenget er imidlertid at dagens modell ikkje er særleg effektiv. Tidlegare har NSU og StL arbeidd mot kvarandre, til dømes i forkant av statsbudsjettet. Når dei to organisasjonane fremjar ulike krav mot regjeringa, verkar ikke studentane sameinte, og det er enkelt for regjeringa å ignorere begge.
Det siste året har organisasjonane blitt flinkare til å samarbeide. Det er positivt, men etter Under Duskens syn er der ikkje gode nok grunnar til å ikkje slå saman organisasjonane. Eit første viktig steg var at NSU stemte ja til ei samanslåing førre helg. Det einaste som gjenstår før ein fusjon, er at StL seier det same 13.-15. april på sitt landsmøte. Under Dusken trur at det kan føre til at studentane taler med ei sterkare stemme dei komande åra.