Heilbom
Trondheim har lenge slite med at dei har ei av Nord-Europas mest forureina gater i Elgesetergate. Mengda av svevestøv i lufta har dei siste ti åra vore langt større enn i til dømes Oslo.
Det har konsekvensar. Astmatikarar og allergikarar kan rett og slett ikkje bu i dei mest forureina delane av Trondheim. Til Under Dusken seier førsteamanuensis Rikke Jørgensen ved NTNU at det kan koste ein dyrt på lang sikt å busetje i gater som Elgesetergate. Dette gjeld ikkje berre astmatikarar og allergikarar. Deler av Trondheim er no så forureina at det kan vere helseskadeleg å bu der.
Stoda har likevel vore verre enn ho er i dag. På starten av nittitalet viste undersøkingar at mengda av svevestøv i Trondheim kunne vere opptil ti gangar så høge som grenseverdiane (det vil seie det høgste verdiane innanfor det helseforsvarlege området). Desse funna førte til at det vart gjennomført ein del fornuftige tiltak. Mellom anna innførte kommunen piggdekkavgift. I tillegg kom Europas første elektroniske bomring til Trondheim hausten 2001.
Dei siste par åra har politikarane diverre ikkje vore like kloke. I 2005 vedtok kommunepolitikarne i eit anfall av populistisk idioti å fjerne bomringen frå om med 1. januar 2006 – trass i at ingen klarte å framføre eit brukbart argument for fjerninga.
Den minst alvorlege konsekvensen av fjerninga, er ein trafikkauke på fem prosent – eller om lag 7000 bilar i døgnet – sidan bommen vart nedlagt.
Verre er det at Trondheim kommune mistar 220 millioner kroner i året i midlar som kunne brukast på prosjekt for å betre luftkvaliteten. Eit av dei største problema i Trondheim i dag er at E6 er lagt gjennom sentrum. Dermed dundrar tungtrafikken gjennom tett busette strøk og virvlar opp store mengder svevestøv frå asfalten. Nordre avlastingsveg er eit prosjekt som skal bøte på dette problemet. Med inntekter frå bomringen kunne denne vegen vorte ein realitet tidlegare.
Samferdselsdepartementet har heller lagt skjul på at nedlegginga av bomringen førte til at Trondheim fekk færre statlege midler til å utvikle kollektivtrafikken.
Skodar ein ut av Trondheim og ut av landet, ser ein at vegprising er eit ord som vert stadig meir aktuelt i europeiske land. Biltrafikk er dyrt for samfunnet og fører med seg mange ulemper. Det er openbert at det bør skattleggast.
Ein treng likevel ikkje om å løfte blikket ut av bygryta for å forstå at liv og helse til sentrumsbebuarane i Trondheim – mange av dei studentar – er viktigare enn å oppfylle håplause valløfter.