Ikkje forby niqaben
Studieleiar Lars Gule ved Høgskolen i Oslo gjekk for eit par veker sidan ut med ei oppmoding om å forby niqab på universitet og høgskolar. Niqab blir brukt av somme muslimske kvinner og skjuler heile ansiktet bortsett frå augene. Gule meiner at bruk av slikt plagg gjer kommunikasjon mellom student og forelesar vanskeleg.
Kunnskapsminister Øystein Djupedal støtta Gule i Klassekampen ei veke seinare. No stadfester prorektor Astrid Lægreid at NTNU også skal vurdere eit forbud (sjå side 15).
I dette tilfellet bør NTNU gå mot kunnskapsministeren. Gules argument er brukbart, men rettferdiggjer ikkje eit forbud.
For mange seier kleda mykje om kven ein er. Noreg er eit sekulært samfunn. Men for somme er religion og kultur ein viktig del av identiten deira. Dei bør også – som alle andre – få lov til å kle seg som dei ønskjer.
Løysinga på Gules problem er at forelesarar venner seg til at universitet og høgskolar rommar folk frå alle religionar og kultur, og at studentane får behalde niqaben på – om dei vil.