Løysepengar på eiga forsking

KOMMENTAR: Norske forskarar er tvungne til å betale for å få publisert eige forskingsmateriale. No er trenden i ferd med å snu.

Publisert Sist oppdatert

Foto: Hans Kristian Ryttersveen

I lang tid har privateigde tidsskrift hatt monopol på vitskaplege publikasjonar produsert av forskarane sjølve, noko dei har tent grovt på. I vår tok britiske forskarar eit oppgjør med desse ved hjelp av underskriftskampanjar og boikott av forlag, og ballen byrja trille til det som no omtales som «den akademiske våren».

Også i Noreg er dette eit problem då statleg lønna forskarar må betale for å få frigitt sine artiklar etter publisering. Dette fører til ein negativ trend der tidsskriftene stadig aukar prisane, medan høgare utdanningsinstitusjonar held fram med å betale for tilgangen til sine eigne forskarars artiklar, noko universitetsbiblioteket i Bergen aleine brukar svimlande 33 millionar på årleg. Medan pengesekken til forlaga veks, krympar budsjetta til utdanningsinstitusjonane.

Som eit lys i enden av tunellen melder no regjeringa at dei ynskjer å satse på publisering i opne kanalar via såkalla Open Access-nettsider. Dette inneber at vitskaplege tidsskrift og publikasjonsarkiv skal vere gratis og tilgjengelege for alle. Endeleg skal forskarar få moglegheita til å dele til å dele forskinga si direkte via internett, utan å måtte bruke abonnementsbaserte tidsskrifter.

Framleis ligg det mange uavklarte dilemma rundt den nye måten å dele forsking på. Blant anna fryktar kritikarane at kvalitetssikringa av artiklane vil bli dårlegare, og at forsking som ikkje har så stor interesse hjå allmennheita vil få mindre støtte. Samstundes følgjer det mange fordelar med ei slik endring, blant anna gir det større tilgang til forskingsmateriale for mindre ressurssterke institusjonar, og eit betra tillitsforhold mellom akademia og resten av samfunnet.

Ifølgje Kristin Halvorsen står det svart på kvitt at all offentleg finansiert forsking i prinsippet skal vere tilgjengeleg for alle. Dette er noko alle som betaler skatt er med på å finansiere. Då seier det seg vel sjølv at det burde vere tilgjengeleg for alle?

Hanne Christin Våge,
Journalist, Dusken.no

Powered by Labrador CMS