Redaktørbytte i Under Dusken
For ein månad sidan trekte Audun Vinger seg frå stillinga som ansvarleg redaktør i gratisavisa Natt&Dag;. Grunnen var at han frykta redaksjonell overstyring frå eigarane til avisa. Kva gjer då ein ansvarleg redaktør når ein eigar instruerer han i ei konkret redaksjonell vurdering: nemleg om ei spesifikk sak skal trykkast eller ikkje.
Dette opplevde ansvarleg redaktør i Under Dusken dagen før at avisa gjekk i trykken. Leiar i Finansstyret ved Studentersamfundet kom med konkrete trugsmål om kva som kunne skje dersom vi trykka ei sak med informasjon om programmet til UKA-07. Under Dusken måtte ta desse trugsmåla på alvor. Det er openbert at ein eigar med 50 prosent av aksjene i selskapet vi soknar til, har moglegheit til å gjere livet vanskeleg for oss.
Redaktørplakaten slår fast at «gjennom sitt medium skal redaktøren fremme en saklig og fri informasjons- og opinionsformidling». Den seier også at redaktøren skal ha «en fri og uavhengig ledelse av redaksjonen».
Men dette er umogleg når eigaren blander seg inn i ei konkret redaksjonell vurdering.
Under Dusken er den desidert største studentavisa i Trondheim, og ein viktig informasjonskanal for byens studentar. Dei fortener ei seriøs, truverdig og uavhengig avis. Ei seriøs, truverdig og uavhengig avis kan ikkje ha ein redaktør som vert overstyrt redaksjonelt av ein av eigarane sine.
Derfor vil sitjande redaktør i Under Dusken, Bjørn Romestrand, trekkje seg frå stillinga si så snart som praktisk mogleg.