Fadderveka er i gang - slik var immatrikuleringa

I år var immatrikuleringa av dei nye NTNU-studentane fysisk, til forskjell for dei digitale gjennomføringane dei siste tre åra.

Publisert Sist oppdatert
SOSIALT: Fysikkstudent Helene Marie Huitfeldt Andreassen håper at fadderveka skal gi ho eit sosialt nettverk her i Trondheim.

Seremonien blei leia av NRK-profilen Lydia Gieselmann, som kunne fortelje at det var venta kring 8000 studentar på Frimerket på Gløshaugen. Ho ynskja dei alle velkomne inn i rekkja som akademiske borgarar, før studentsongforeingingane leverte nydelege toner av Ronja Røverdotter-temaet.

Litt kleint, men mest kjekt

Omkransa av linjeforeininga Delta sine fadrar står Helene Marie Huitfeldt Andreassen. Ho er frå Oslo og skal byrje på førsteåret på bachelor i fysikk.

Huitfeldt Andreassen tykte at seremonien var interessant, til tross for at det var litt mange taler. Sjølv om faddergruppa berre hadde fått vere saman ei lita stund før immatrikuleringa, hadde ho eit godt inntrykk.

– Det blir jo alltid kleint når ein prøver å bli kjend med nye menneske, men fadrane er veldig flinke, seier ho.

Kva venter du deg av fadderveka?

– Eg håper å få hjelpemiddel til å klare meg vidare i studiane, og ikkje minst eit sosialt liv her i Trondheim.

Å BLI VAKSEN: I talen sin la Anne Borg vekt på at studietida skal gi dei mye studentane både personleg og fagleg utvikling.

I tala til rektor ved NTNU, Anne Borg, nevnte ho at studietida gir både fagleg og personleg utvikling. For Helene er det ikkje nødvendigvis lesesalen som kjem først.

– Eg må vel seie personleg utvikling er mest viktig i første omgang — det faglege kjem nok undervegs. Det å få ei danning slik at ein kan fungere som menneske er vel så viktig.

Som ny student har ho ikkje særleg med råd å gi til andre ferske studentar heilt enno, men taktikken hennar for studiestarten er å halde orden.

– Eg startar semesteret med eit ryddig rom, og eg prøver å legge ting inn i kalenderen når det skal skje ting.

LES OGSÅ: Støre annonserer start på campussamanslåing

Kva er det du heiter, igjen?

Helene fortel at ho så langt har kontroll på kva alle heiter i faddergruppa si, og at det er elleve namn ho må hugse.

Har du nokre tips til korleis ein kan hugse namn?

– Problemet er jo å kople ansikt til person, men eg prøver alltid å hugse eitt særtrekk for kvar person eg treffer slik at det blir lettare å hugse.

Den populære men kanskje òg forhatte namneleiken der ein skal pare namnet sitt med eit dyr på same forbokstav blir diskutert. På spørsmål om kva dyr Andreassen plar velje svarar ho:

– Hauk, Helene Hauk. Eg vil gjerne unngå assosiasjoner til visse andre dyr, som harepus.

Ansvar og moro

Elles på immatrikuleringsplassen kunne ein sjå mange usikre blikk, men heldigvis og nokre trygge t-skjortar med linjeforeiningslogo. Ei faddargruppe frå Pareto, linjeforeininga til samfunnsøkonomi, sat i sirkel på plenen for å litt betre kjent. Faddar Sindre Kibsgaard Andersen og faddarsjef Vilde Ladstein forklarte at det har vore mykje arbeid å planlegge dagane for dei to neste vekene.

– Det er meir jobb enn ein trur å arrangere to veker med fadderopplegg, seier Ladstein.

Stemninga ser ut til å vere god i faddergruppa, og det stadfestar faddersjefen.

– Vi har berre hatt ein time på å bli kjent, men fadderborna er verkar veldig hyggelege. Vi har blitt ein god gjeng, så der har vi vore heldige.

– Ja, det lovar bra, supplerar Andersen.

Kva er den viktigaste oppgåva til ein faddar?

– Å hjelpe dei nye studentane med å bli kjent med kvarandre og få eit nettverk, meiner Andersen.

Ladstein fortel at dei óg er oppteke av å sørge for at dei kjenner seg trygge i den nye byen dei skal bli kjent med.

Når det gjeld alkoholkultur og å forhalde seg til drikkepress, forklarar Ladstein at dei er godt budd.

– Vi har halde fadderseminar med alle faddarane for å gjere merksam på kva som kan skape drikkepress, og har snakka om det same med fadderborna. Det er vi veldig oppteke av å unngå.

FADDERE: Faddersjef i Pareto Ladstein og fadder Andersen er oppteken å unngå drikkepress

Fadrane frå Pareto er ikkje like sprek i hugsemuskelen som Huitfeldt Andreassen. Dei svarar unisont «nei» på spørsmål om dei har lært alle namna enno.

– Vi vurderer å bruke namnelappar, seier dei.

Lappar eller ikkje, vil dei to fadrane setje i gang ein namneleik med dyr på forbokstaven i namnet som tiltak for å lære namna fortare. Og dersom ein fortsatt slit med å hugse namn, har Andersen eit råd.

– Eg berre spør heile tida, og så sit det til slutt.

Vilde Villsvin og Sindre Sau er oppteke av at fadderborna skal kunne spørre dei om alt, og avsluttar med å seie at dei tross alt har vore forvirra fadderborn sjølv ein gong.

LES OGSÅ: Erna Solberg vitja Moholt Studentby med lovnad om studentboligbygging

Powered by Labrador CMS