2xH i huset
Det er vår, og tradisjonen tru er det hiphop på Samfundet. Fredag 29. april gjekk 2xH av stabelen. Se bildene her.
– I've been Thorstein for the last hour, flirar Thirstin Howl III og vil gje solbrillene tilbake til Thorstein Hyl frå Side Brok.
Foto: Audun Reinaas, Under Dusken
– No, you keep them, svarar Hyl og dreg fram eit nytt par frå lomma.
Vi har komme inn backstage etter at Side Brok har avslutta festivalen. Fem slitne karar frå Sunnmøre sit på bakrommet. Ettersom dei var siste gruppe ut på scena og klokka i Storsalen nærma seg to, hadde diverre ein stor del av publikum allereie teke kvelden.
Foto: Mathias Fossum, Under Dusken
Foto: Audun Reinaas, Under Dusken– Vi frykta eigentleg at det skulle vere heilt tomt, så vi var nøgde vi, fortel Thorstein Hyl.
– Kva var høgdepunktet i kveld?
– Slick Rick! Den mannen klarar alt, seier Skatebård.
For andre året på rad arrangerast det hiphop-festival i Trondheim. Dirty Oppland er første opptreden på den største scena, og dei jobbar hardt for å få liv i ein glissen Storsal. I det dei dreg i gang låta «Stank Ass Ho», spring det flust av miniskjørt og utringingar fram til scena.
På Knaus spelar The Rovers for eit publikum på ti personar, og fremst ved scena finn vi jentene frå Røde Sauer. Vi sikrar dokumentasjon av noko så uvanleg som ein kvinneleg rap-duo.
Så var det endeleg klart for eit av dei verkelege høgdepunkta for norske hiphop-fans i år. Den anerkjende artisten Thirstin Howl III blir fanga inn av lyskastarane i Storsalen, og dei neste 20 minutta går han rundt på scena med ein mikrofon i kvar hand. Ikkje den beste opptredenen i kveld, men ein av dei mest fascinerande.
– Ååå! Sjå, der stend Lille Phillip!
To lett berusa jenter har sikta seg inn på festivalen sin yngste artist, og berre _må_gje han ein klem. Under dei fleste konsertane står dei norske artistane mellom publikum, og var å sjå under opptredenen til Thirstin Howl III og den beste konserten av kvelden, Slick Rick. Raplegenden står på scena med meir bling-bling enn alle dei andre artistane til saman. Old-school hiphop på sitt aller beste med reine beats og morosame liner.
Ein flott kveld på Samfundet som berre mangla eit større publikum.