
– Barnsleg morosam kveld
Frustrerte hyl og lykkelig jubel ljoma gjennom korridorane, når det vart arrangert nintendokveld på Samfundet.
LUKA kunne love ein kveld med fart og moro under arrangementet «Nintendo 64-Lounge», og det var mange som let seg freiste av dette tilbodet. Når vi entra lokalet fekk vi straks kjensla av å vere på eit typisk datalan, fylt med overaktive fjortisar, med litt for mykje energidrikke innabords.
Rundt tjue studentar hadde pressa seg saman framfor dei fire fjernsyna som var plassert der for anledninga, og det var ingen tvil i at stemninga var på topp i denne gjengen.
– Litt skuffa
Bakerst i rommet satt to jenter og prata høgt, for å overdøve bråket i bakgrunnen. Andrea og Karoline hadde teke turen dit for å få gjenoppleve barndomen i nokre timar.
Foto: Jonathan Holt Thorbjørnsen, Under DuskenTO AV FÅ: Karoline og Andrea var to av få jenter som hadde møtt opp på arrangementet. Dei meinte at kvelden hadde ei nostalgisk atmosfære – Eg hadde eit veldig koselig forhold til det å spele nintendo når eg var yngre, fortalte Andrea.
Karoline forklarte at dei hadde lest om arrangementet på nettstaden til Samfundet, og tykte det høyrtest morosamt ut, men måtte innrømme heile greia var litt «opphypa».
– Når eg las om dette, hadde eg trua på at det skulle bli skikkelig kult. Eg er litt skuffa, for eg tykkjer at dei har prioritert feil spel i kveld, meinte Karoline.
Det var «Goldeneye» og «Mario Kart 64» som vart spelt på skjermane.
– Om eg skulle få valgt spel sjølv, er den ingen tvil om at det anten hadde vore «Pokemon Stadium», «Mario Party» eller «Zelda» som hadde vore i nintendo`n, fortalte Karoline.
Nostalgisk atmosfære
Til trass for misnøye med spelvalget, tykte Andrea at LUKA hadde klart å skape ei nostalgisk stemning.
– Når ein inviterar til ein slik kveld, er det ikkje rart at folk møter opp. Akkurat det å spele på dei nostalgiske kjenslene er eit smart triks. Det er veldig sjarmerande at arrangørane valgte å bruke gamaldagse, sjarmerande og store fjernsyn i staden for nymoderne flatskjermar, fortalte Andrea.
I løpet av kvelden fekk ein høyre både grove banneord, og håneleg latter frå dei konkurrerande spelerane. Andrea og Karoline var ikkje i tvil om korleis dei ville oppsummere spelmimringa.
– Det har vore ein «barnsleg morosam» kveld, seier dei to.