Den stygge sanninga

Studentersamfundets Interne Teater viser oss skjønnheitens sanne andlet.

Publisert Sist oppdatert

TEATER - THE UGLY ONE - KNAUS

Salen er full, temperaturen er høg og stemninga er god, og alt ligg til rette for ein vellukka time på Knaus. På ei tilsynelatande lita og enkel scene står tre skodespelarar klare, og utan forvarsel byrjar replikkane å hagle. Som ei floge på veggen får me bevitne ei morosam og underhaldande historie om forfengeligheit og kva det kan gjere med ein.

I «The Ugly One» får me møte Lette, ein lykkeleg mann med god jobb og ei vakker kone. Då han ein dag stiller spørsmål ved kvifor han ikkje får reise på ein konferanse for å presentere eit produkt han sjølv har utvikla kjem sanninga ein gong for alle fram: han er fråstøtande stygg. Den favoriserande sjefen hans Schieffler må motvillig fortelje han sanninga, og klagar seg over å måtte utføre slikt arbeid. Medan Lette blir overraska over dette, blir dei rundt han overraska over at han aldri har lagt merke til det sjølv. Når han endeleg innser kor fråstøtande han er oppsøker han ein plastisk kirurg og får eit heilt nytt andlet, og blir plutseleg ein av verdas vakraste menn. Livet som vakker byrjar bra, men tek ei uforutsett vending då han byrjar å sjå «seg sjølv» over alt. Den plastiske kirurgen har byrja å masseprodusere andletet hans, og han er ikkje lenger aleine om å vere vakker.

Med berre fire skodespelarar og ytterst få, og enkle kulissar kan ting fort bli kjedeleg, men skodespelarane viser seg å vere stødige som fjell, og klarer utan problem å fengje publikum gjennom heile stykket. Medan tre av skodespelarane byter mellom to roller kvar, er hovudrolla Lette til stadigheit den same. Byta mellom rollene går glatt, og det er tydeleg at skodespelarane frå Studentersamfundets Interne Teater veit kva dei driv med. Med ein god dose humor, morosamme replikkar og fargerike karakterar er «The Ugly One» utan tvil verdt å bruke tid på.

Powered by Labrador CMS