Finsnikring

Beauty came to us in stone av The Mungolian Jet Set (Jazzland Recordings)

Publisert Sist oppdatert

STUDENTRADIOALBUMET

Foto: Beauty came to us in stone skal vere ei reise i imaginære rom, hevdar Paul Nyhus, også kjent som DJ Strangefruit. Saman med Knut Sævik og Reidar Skår dannar han gruppa The Mungolian Jet Set.

Verda – iallfall den mest musikkinteresserte delen av den – har venta i fire år på at denne trioen skal snikre saman denne plata. Det handlar nemlig om finsnikring, og slikt tek tid, særleg når råmaterialet er så mangfaldig som ved dette høvet. Mange av låtane ligg i skjeringspunktet mellom jazz og elektronika, men det blir for snevert å plassere plata i denne sjangeren.

Singelen «Navigator» er ein seks minutt lang låt som blandar etnisk musikk og funk. Bandet sjølv omtaler denne låta som «umiddelbart tilgjengeleg». Dermed er lista lagt.

Men langt frå alle spora er like lette å bli klok på som «Navigator». Spesielt «Jet Set», som i løpet av ti minutt ikkje maktar å røre seg av flekken, vil truleg teste tolmodet til sjølv den mest trufaste Studentradio-lyttar.

Høgdepunkta er likevel i klart overtal. Det største er kanskje «The Ghost of Cauldron M/I Cannot Live in Sin», som blir driven fram av vokalen til Reverend Cauldron M (kven no det er) og ein sample frå Captain Beefhearts «25th Century Quaker», der han speler på det indiske blåseinstrumentet shenai.

_Beauty came to us in ston__e_er ei plate full av paradoks. Blandinga av rolege, svevande låter og meir aggressive spor med større driv gjer at ein ikkje blir lei. Samstundes hindrar den kjensla av heilskap som kan gjere slike album fascinerande. Plata er ikkje det innovative meisterverket som plateselskapet vil ha oss til å tru, men ein tilvekst i stabelen av solide kvalitetsprodukt som vil glede musikkinteresserte i inn- og utland.

Spennande musikk, men ikkje så innovativ som den gir seg ut for å vere.

Powered by Labrador CMS