Intrikat støy
Monolithic, Knaus, Studentersamfundet 23. oktober
90-talet var kanskje tiåret for udefinerte musikksjangrar. Ein av dei er jazzmetal, som er eit omgrep mange tyr til når musikken består av eit ekstremt uttrykk og ein kompleks rytmeseksjon.
Foto: Heine Jensvold, Under DuskenENERGIUTBLÅSING: Monolithic ga alt i konserten på Knaus tysdag kveld.Medan jazz er ein sjanger som automatisk smaker av kredibilitet, gjer kanskje ikkje metal det. For det første støyter metal-sjangeren frå seg mange som misliker det ekstreme uttrykket som vert teke i bruk. For det andre har band i denne sjangeren hatt ein tendens til å prioritere teknisk handverk og utføring framfor musikalske innovasjonar.
Ein kynikar vil kanskje påstå at det er her jazz og metal finn ei felles forståing: Dersom ein sameiner uforståeleg (kompleks) musikk med eit ekstremt uttrykk, og utfører den med tilnærma teknisk perfeksjon, så har ein eit produkt som ingen kan kritisere utan at dei framstår som ignorante og usofistikerte.
Spørsmålet er om Monolithic er eit slikt prosjekt. Men duoen har ikkje vedkjent seg ein sjanger, sjølv om den vage jazzmetal-båsen er nærliggande. Og bandet er meir kjenneteikna av speleglede og rein energi, enn eit blasert kred-prosjekt. Monolithic består av personar som uansett hadde hatt nok å gjere. Gitarist Stian Westerhus er involvert heile fire andre prosjekt, blant anna Bladed og Puma. Kenneth Kapstad slår også trommer for Animal Alpha og Motorpsycho.
Begge imponerer. Kvar for seg er dei framifrå. Gitarimprovisasjonen til Westerhus held heile tida høg klasse og høyrest aldri uinspirert og kalkulert ut, uansett kor lange jammane blir (og dei blir longe), medan Kapstads held heile tida intensiteten og interessa oppe med sin komplekse og uthaldane rytmer.
Saman er dei fantastisk, og produserer ein heseblesande og spennande konsert. Til slutt kan publikum gå slitne, men nøgde frå lokalet.
Konserten på Knaus var ei kontinuerleg utblåsing av intens energi, intrikat støy og komplekse rytmer. Den var vel verdt besøket, dersom du var opplagt nok så seint på kvelden.