Krevande nyting

Ukas radioalbum: Quasimoto - Further Adventures of Lord Quas (Stones Throw Records)

Publisert Sist oppdatert

Ein av hiphop-verdas snålaste artistar er tilbake med ei flott plate. Quasimoto er alter ego for ein av dei mest produktive aktørane innan amerikansk hiphop, nemleg Madlib. Allmennheita kjenner kanskje Madlib best frå samarbeidet med MF Doom kalla Madvillain, der også karakteren Quasimoto dukka opp. Og likte du den skiva, treng du neppe uroa deg. Denne plata gjeng i samme spor, og imponerar med eit rikt lydbilete fullt av samplingar frå blacksplotation-filmar. På eit av dei betre spora dukkar Madvillain opp som gjest.

Foto:

Ei heil plate med Quasimoto kan høyrast ut som litt for mykje, ettersom ein skulle tru han inhalerer helium heile plata igjennom. Men med svært gode beats, samplingar og underfundige rim reddar han dagen.

Plata kjem nok ikkje til å vere nokon slager på dansegolvet, men fortener å bli lytta til nøye. For kvar gong du høyrer gjennom albumet dukkar nye ting opp. Og 68 minutt med god flyt gjer deg eit heilt univers å oppdage. Lengda på albumet er mogeleg det største ankepunktet mot eit ellers utmerka stykke arbeid. Noko klart hit-potensial er ikkje lett å finne mellom dei 27 spora albumet teller. Nærast kjem vel «Raw Adict part 2» og «Privacy».

Dette er ikkje ei lett tilgjengeleg plate. Einaste sporet som rykker godt i dansefoten er plassert heilt til slutt på plata. Resten av plata faller eit godt stykke utanfor allfarveg, men av og til er det berre bra. Eg sit igjen med eit inntrykk av at dette er noko av det betre som er utgjeve av hiphop så langt i år, og det er synd at den sannsynlegvis aldri vil nå ut til eit så stort publikum som den burde.

Kanskje ei av årets beste hiphop-skiver så langt, men manglar hit-potensiale

Powered by Labrador CMS