Local Natives til unnsetning!

ANMELDELSE: Når det regnar og bles, sminken forlengst har forlatt ansiktet og det drypp frå håret, då er det ikkje mange som klarar å lysne stemninga. Los Angeles – gje meg sommarvarme!

Publisert Sist oppdatert

5 gutar kjem ut på scena, den eine meir hipster enn den andre. Forutenom trommeslagaren stiller dei seg på ei rekke så langt fram mot publikum som det er mogeleg å kome. Eit blikk til sida og velkjente rytmer set i gang. "You & I" startar showet, underteiknas soundtrack for sommaren 2013. Eg må nærmare scena, og det med ein gong, for dette kjem til å bli bra.

Energien er enorm, og kvintetten oser av speleglede. Det smittar. Bandmedlemmane tøyser og ler, og vi ler med. Her er ingen avstand mellom scene og publikum. Californiagutane inviterar til sommarfest, og vi lettar på ponchoen og sleng oss med i dansen.

I 50 minutt, på kvar einaste låt, gir dei absolutt alt dei har av energi, innlevelse og formidling. Låtane sitt som eit skudd, og om Gorilla Manor og Hummingbird-albuma ikkje er ein del av sommarspelelista di, bør dette endrast asap.

La regn vere regn, her har sommarstemninga spreidd seg frå scena og ned. Talking Head-coveren Warning Sign er konsertens høgdepunkt. Den startar med prikkfri, fleirstemt a capella-song frå samtlege av badmedlemmane, og byggjer seg opp til ein energisk og frisk poplåt.

Publikum ser ut til å kose seg stort. Los Angeles-bandet kom på Engascena, og spreidde om seg med varm, god californisk sommarvarme. Vi gløymde alt om regn og gjørme.

"Vi ar vældi gladhe for å være her". I lige så!

Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.

Powered by Labrador CMS