Meir sirkus enn substans

I år var det to gode kandidatar til leiarvervet på Studentersamfundet. Det takla Storsalen dårleg.

Publisert Sist oppdatert

«Kven vil du helst kline med – Aylar eller Ane Dahl Torp?»

Illustrasjon: Arne Skeie, Under Dusken

Dette spørsmålet kunne vore henta frå eit gjennomsnittleg gutevorspiel. Det vart stilt på utspørjinga før valet av ny leiar på Studentersamfundet onsdag 14. mars.

Ein kan lure på om klinepreferanser har noko å seie for kor godt eller dårleg skikka ein person er til å leie styret på Samfundet. Men det ville vere å bomme på poenget. Korleis kandidatane svarer på eit slikt spørsmål, viser om dei har humoristisk sans og kor sjølvhøgtidelege dei er.

Spørsmålet fortel også noko om spørsmålsstillaren. Det viser at vedkommande synest det er viktig at neste leiar av Studentersamfundet ikkje berre har klare planer for den politiske profilen og storsalsmøta det neste året, men også har humoristisk sans og ikkje er ein keisam tørrpinn som tek seg sjølv altfor høgtideleg.

Leiarvalet på Samfundet skal vere ein konkurranse mellom to kandidatar, som konkurrerer om å ha dei beste planane for Samfundet neste år og dei beste eigenskapane for å leie det. Men for å få til ein slik konkurranse, treng dei spørsmål frå Storsalen som gjev dei moglegheit til å vise kven som har dei beste planane og dei beste eigenskapane.

Problemet er at dei beste spørsmåla – som også gir dei beste svara – ikkje er dei som marknadsfører spørsmålsstillaren best. For som årets utspørjing av leiarkandidatane viste: Det handla ikkje berre om å finne ut mest mogleg om kandidatane og få eit så godt som mogleg grunnlag for å stemme. Det handla like mykje om å stille det morosamaste og kulaste spørsmålet.

Diverre vart konkurransen mellom dei to leiarkandidatane overskugga av konkurransen om å vere den mest underhaldande spørsmålsstillaren. Derfor måtte kandidatane syngje sin favorittsong frå Grand Prix – «med innleving»; fortelje kva politikar dei helst ville kline med; avsløre kva rollefigur dei helst ville vere i Star Wars; fortelje så detaljert som mogleg om si første seksuelle erfaring. Vegen frå eit par småartige useriøse spørsmål til ein straum av uinteressante, irrelevante og banale spørsmål viste seg å vere kort.

Årets leiarval var gledeleg på eitt punkt. Aldri har det vore så gode og godt budde kandidatar. Då er det desto meir skuffande at Storsalen ikkje nyttar høvet til å spisse spørsmåla enda kraftigare, men i staden lét utspørjinga skli ut i spørsmål som hadde passa betre på eit russetreff enn i ein sal som ønskjer å sjå på seg sjølv som eit politisk organ.

Komande haust vil det truleg sitje eit hundretals studentar i Storsalen ein laurdag kveld og nikke sjølvtilfreds medan Frank Aarebrot kjem med lange tirader om at valkampen inneheld meir sirkus enn substans. Då er det fint at sommaren er lang.

Powered by Labrador CMS