Melankolsk og vakkert

ANMELDELSE: Den skjøre musikken måtte til tider vike for eit skravlesjukt trønderpublikum, men Ósk skapte stemning til slutt.

Tekst: Kjersti Anderdal Bakken, Radio Revolt

Fleire har fått augene opp for 6-manns bandet Ósk den siste tida, noko som nyleg førde til nominasjonen Årets artist på UTawards, Midt-Norges prisutdelingsshow. Fredag kveld entra dei byscena under Trondheim Calling og det var ingen tvil om at nominasjonen, den var vel fortjent.

Den blyge frontfiguren Oskar Y Mellemsether står med lukka auger og gitaren på magen. Bak seg har han fem dyktige musikarar. Musikken er roleg og melankolsk, og eg undrar ei tid på om Byscenen ein fredagskveld ikkje er passande for dette konseptet. Publikum si høglytte skravling konkurrerer mot sjelfull musikk, og i byrjinga av konserten er det dessverre fyrstnemnde som vinn tevlinga. Etterkvart roar det seg. Ósk får den merksemda dei fortener og publikum let seg føre inn i deira melankolske univers.

Ein gut med gitar og ruteskjorte som syng sårt om livets store temaer har vi hørt før. Det skal noko meir til for å overbevise på Trondheims bransjefestival, noko særeigent som gjer at ein skiljer seg frå mengda. For den som har hørt Oskar Y Mellemsether og hans musikk veit at denne gutten har nettopp dette. Med ein stemme som høyres ut som ein blanding mellom Thomas Dybdahl og Øystein Greni, leverer han melodiar og tekstar frå det innerste indre. Han treng ikkje ein gong opne augene for at dei melankolske låtane skal nå ut og formidlast til publikum.

Mellemsether starta som soloartist, men presenterer no musikken sin med fullt band, ei besetning som består av tuba, trompet, piano, gitar og trommer i tillegg til hovudpersonen sjølv. Med blikk og innlevelse skimter vi eit svært samspelt og samanknytt band. Oskar sine melodiar blir supplert av nydelige trompetfraser og trommefills som gjer den allereie nydelige musikken nærmast perfekt. Musikarane er dyktige og saman skapar dei ein melankolsk sfære så skjør at sjølv den mest øltørste trønder let drikka kvile i hendene og let seg beundre av det som skjer på scena.

Ósk skapte verkeleg stemning på Byscena fredags kveld, til tross for at den skjøre musikken til tider måtte vike for eit skravlesjukt trønderpublikum.

Powered by Labrador CMS