
Noregs nye nasjonalrett?
I PostKåkk veke 11 snakkar vi om salt, saltsug og det som kan bli vår nye nasjonalrett; saltkjøt.
Tekst: Anna Haugstad Avdem og Andreas Gregersen
Sidan Nitimen kåra fårikål som Noregs nasjonalrett i 1972, har både det norske folk og matvanane deira endra seg ein heil del. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har derfor utlyst ei konkurranse, der alle landsmenn kan foreslå nye nasjonalrettar og vere med i trekninga av tre stk iPads. Du kan delta fram til 1. mai 2014 ved å sende ein e-post til nasjonalrett2014@lmd.dep.no. Det er to kriterium for at rettar kan nominerast: den må hovudsakleg bestå av norske råvarer og råvarene må kunne kjøpast over heile landet. Meir informasjon her.
Saltkjøt og kålrotstappe er ein av dei føreslegne kandidatane til kåringa. Ein rett som ikkje er veldig avansert og som heller ikkje kostar ei formue. Oppskrifta til fire personar ser slik ut:
- ca 2 kg lettsalta kjøt av fritt val
- kraftige pølser etter smak (valfritt)
- 3 store kålrøter
- eit par poteter eller gulerøter til stappa (valfritt)
- ein god klatt smør og gjerne ein skvett fløyte
- salt og pepper
Legg kjøtet i ein kjel slik det er, ikkje del det opp. Fyll på med vatn til det dekkjer og kok opp. Fjern skum som eventuelt måtte danne seg med ei skei eller ause, og lat kjøtet småkoke i 2-3 timar. Det skal vere heile mørt når det er ferdig.
Skrell og del opp kålrot og poteter/gulrøter. Putt grønsakene i ein kjel og fyll på med vatn til det omtrent dekkjer. Lat dei småkoke under lokk til dei er møre, og tøm av vatnet. Ha godt med smør i dei ferdigkokte grønsakene, og bruk gjerne også litt kraft frå kjøtet eller eventuelt ein skvett fløyte.
Lag mos av grønsaksblandinga med ein "stappar" eller stavmiksar, og smak til med salt og peppar. Del opp kjøtet i passelege bitar, og server med rotstappe og flatbrød til. Kos deg!
I PostKåkk si andre smakssending:
Førre veke var det lakriskjeks og det søte liv. Denne gongen er det salt som gjeld! I tillegg til saltkjøt, snakkar vi om ulike typar salt, saltsug og det blir premiere på Andreas' spekematmusikal:
Og lurer du på kvar uttrykket "å ta det med ei klype salt" kjem frå? Last ned heile podcasten her!
Har du innspel til oss? Du finn oss på Facebook, Instagram og Twitter!