– Norsk mellomalderforsking er trua

NTNU la ned Senter for middelalderhistorie ved årsskiftet. Nedlegginga representerer ei svekking av norsk mellomalderforsking, fryktar tidligare senterleiar Audun Dybdahl.

Publisert Sist oppdatert

FORSKING

Foto: Marte Lohne, Under DuskenUNDER PRESS: Mellomalderforskninga ved NTNU kan bli svekka som følge av nedleggjnga av Middelaldersenteret, fryktar professor Audun Dybdahl.– Noreg har gode tradisjonar for mellomalderforsking, men desse står no i fare for å bli svekka, seier Dybdahl.

Han var leiar for NTNUs Senter for middelalderhistorie til det vart lagt ned ved årsskiftet. Han fryktar at nedlegginga vil føre til at mellomalderforskinga i Trondheim vert svekka.

– Instituttleiinga meiner at verksemda skal vidareførast, men det høyrest unekteleg litt merkeleg ut når senteret vert lagt ned.

Det har lenge vore planlagt at verksemda skal flyttast frå Erkebispegården til Dragvoll, fordi leigekontrakta gjekk ut. Men Dybdahl vart overraska då han like før nyttår fekk beskjed om at flyttinga også skulle medføre at senteret vart nedlagt, og at verksemda underleggjast Institutt for historie. Til no har senteret vore underlagt Vitenskapsmuseet.

Instituttleiinga held fast ved at nedleggjinga ikkje skal føre til at mellomalderforskinga vert svekka, men Dybdahl er ikkje overtydd.

– Vi reknar mellom anna med at Middelaldersenterets skriftserie vert lagt ned. Det er beklageleg, for vi har kjempa for at dette skal vere ein anerkjent vitskapleg publikasjon, seier han.

Nasjonal svekking

Dybdahl er uroa for framtida til norsk mellomalderforsking.

– På nittitalet vart det oppretta fleire sentre for å styrkje mellomalderforskinga, men desse sentra er no lagt ned. Stoda for denne type forsking er dårlegare no enn på nittitalet, seier han.

Han får støtte frå professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Oslo (UiO), Arnved Nedkvitne.

– Tidlegare har vi hatt sterke miljø for mellomalderforsking i både Trondheim, Oslo og Bergen. Miljøet i Oslo har blitt veldig svekka. Då eg starta her for ti år sidan, var det seks personar som arbeidde med mellomalderforsking. I dag er vi to.

Nedkvitne er også kritisk til at den norske forskinga innafor feltet blir konsentrert i Bergen. Forskingsrådet satsar tungt på Senteret for mellomalderforsking ved Universitetet i Bergen, som er blitt Senter for fremragende forskning.

– Mellomalderforskinga i Noreg vert svekka generelt, og dessutan konsentrert på ein stad, nemleg i Bergen. Begge deler meiner eg er uheldig, seier han.

– Dei lange linjene forsvinn

Nedkvitne meiner at det er særskilt uheldig at mellomalderforsking vert nedprioritert i dagens globaliserte samfunn.

– I mellomalderen hadde vi både i Noreg og Europa andre haldningar til vald, religion og ekteskap. Somme av desse haldningane finst i andre samfunn i dag, men dersom ein kjenner til Noregs og Europas historie, ser vi at dei ikkje er så ukjende for oss som vi trur, sier han.

Historieprofessoren ser at moderne historie vert prioritert i større og større grad på bekostning av eldre historie.

– Det er stor interesse blant studentar for mellomalderhistorie og god oppslutting om undervisninga. Grunnen til at forsking på eldre historie har dårlegare kår er at ein må etablere større samarbeid mellom institusjonar, og det er enklare innanfor nyare historie enn eldre, hevdar Nedkvitne.

Powered by Labrador CMS