Pudderalarm

Ekte skiglede i HD.

Publisert Sist oppdatert

Med to filmar, kjende utøvarar og gratis premiar i bagasjen kom Fri Flyts Film Tour til Trondheim. Ute hølja regnet ned, men i ein fullstappa Storsal var pudderforventningane til å ta og føle på.

Vêrfenomenets innmarsj

Første film ut frå amerikanske Matchstick productions henta like godt namnet sitt frå vêrfenomenet som gav dei ein lang vinter å filme på. «Return of La Niña» byr på skikøyring som får salen til å gispe i kor. Nokre av verdas beste skikøyrarar blir fulgt i jakta på perfekte forhold.

Norske Field Productions står bak film nummer to, «Being There». Og du følte at du var der, både når Aksel Lund Svindal satte utfor høge fjell i Lofoten, og når Aleksander Aurdal fekk skuldra ut av ledd.

Foto: Eirik Indergaard, Under DuskenNØGDE SKIKØYRARAR: (f.v.)Christopher Frankum, Aleksander Aurdal og Even Sigstad.– Det gjorde sinnsykt vondt, men det vart ein bra historie ut av det, sa Aleksander sjølv etter visninga.

Filmane gav oss i Storsalen trua på at ingenting egentleg er umogleg, ispedd gode dosar med humor og menneskelegheit. Colby West i jakta på den ultimate køyringa fekk heile salen til le, medan dei fleste holdt pusten når Even Sigstad kjørte rails i Japan.

At ein får innblikk i dagar med venting grunna dårleg vêr, bygging av hopp, mislykka triks og skadar løftar det heile. Når utøvarane sjølve gjer narr av oppfatninga om at dei får alt servert på eit fat, og berre «droppar» utfor, blir det samstundes ei aha-oppleving for oss som ikkje driv med dette til vanleg.

Gavedryss

Som seg hør og bør var det ikkje berre fantastiske filmopplevingar publikum fekk med seg frå arrangementet. Gåvedryss med mellom anna ski og gåvekort på skiferie frå filmturens samarbeidspartnarar fant stad i pausen. Det var ingenting å sei på stemninga i salen, og den gav kvelden det vesle ekstra.

Foto: Eirik Indergaard, Under DuskenFULL SAL: Storsalen vart fylt til randen av snøhungrige tilskodarar.Regissør Filip Christensen frå Field Productions sa frå scena under introduksjonen at målet med filmen var å vise ekte skiglede. Det einaste som mangla var snø i andletet når ein kom ut i frå Samfundet.

Powered by Labrador CMS