Svartebørs på Samfundet.no
På diskusjonsforumet til Samfundet.no omset folk billettar til eiga forteneste. Dette er stikk i strid med lovverket.
– Det er den enkelte som bryt lova, men Samfundet har eit ansvar for at det som skjer på nettsida deira er i tråd med lovverket. Når dei tillét slik verksemd, legg dei tilrette for svartebørssal, seier Frode Elton Haug, seksjonssjef i Forbrukarombodet.
Han fortel at salet er eit brot på svartebørslova.
– Sidan Samfundet veit om at det ulovlege salet foregår, er dei i prinsippet ansvarlege. Dette gjeld sjølv om salet er av eit lite omfang.
– Uheldig med svartebørs
Eit raskt søk på forumet på Samfundets nettsider gir døme på det ulovlege salet - fleire innlegg for sal av overprisa Kaizers Orchestra-billettar har lege ute sidan oktober. Kjøparar legg også ut innlegg der dei lovar å betale det dobbelte for billettar.
Konsertarrangør og festivalsjef for Pstereo, Frode Halvorsen, meiner at svartebørssal er uheldig.
– Det er ein uting både for publikum og arrangøren, kun selgjarane har noko å vinne på dette. Det kan óg bli ein konsekvens at kun dei som har råd til å betale ekstra for billettane, får gå på arrangementet.
Halvorsen trur ikkje at svartebørssal er noko stort problem i Trondheim enno, men meiner ein må jobbe for at det ikkje vert det.
Kan i prinsippet bli straffa
Ifølge avdelingsdirektør Eivind Tesaker i Kultur- og kyrkjedepartementet kan Forbrukarombodet reagere med bøter ved brot på svartebørslova. Seksjonssjef Haug i Forbrukarombodet stadfestar dette.
– Vi konsentrerer oss i all hovudsak om svartebørssal i større skala, men lova gjeld sjølvsagt for privatpersonar óg. Vi har mellom anna inngått eit samarbeid med nettstadane Qxl.no og Finn.no som skal gjere det vanskeleg for folk å selje overprisa billettar. Desse nettstadane har vore flinke til å fjerne innlegg vi har reagert på, og det har som regel ikkje blitt ei større sak.
Han fortel at Samfundet i likskap med Qxl.no og Finn.no i prinsippet kan bli straffa, men at Forbrukerombodet i praksis konsentrerer seg om større aktørar.
– Bør følgje presseetikken
Sett frå ein presseetisk ståstad, meiner generalsekretær i Norsk presseforbund, Per Edgar Kokkvold, at det ikkje er tvil om at Samfundet har eit ansvar.
– Sjølv om Samfundet.no ikkje er eit journalistisk medium, er det ingen tvil om at dei har eit indirekte etisk ansvar.
Kokkvold fortel at ikkje alle nettstadar kan fellast under dei presseetiske retningslinjene i Ver Varsom-plakaten, men at Samfundet.no som ein offisiell nettstad bør følgje desse retningslinjene.
Les Samfundet-lederens tilsvar på: