Tam hundedag
For at trondheimsstundar skulle høyre på Dog Day, måtte bandet reise heilt frå Canada.
ANMELDING
Det kanadiske lo-fi-bandet Dog Day er Ukas artist og skal spele på Klubben på Samfundet tysdag, onsdag og torsdag kveld. Debuten tysdag var tam.
Foto: Sveinung Sundfør Sivertsen, Under DuskenDogday fra Canada ble litt for tamt
Foto: Heine Jensvold, Under DuskenDen såkalla lo-fi-sjangeren er vagt definert. Men om noko sameiner musikk i denne båsen, så er det at den ikkje er spesielt umiddelbar. Derfor kom det heller ingen umiddelbar reaksjon frå publikummet i Klubben som åpenbart høyrte kanadiske kvartetten for første gong.
– This was an old song. The next one is also an old song, sa bassist og vokalist Nancy Urich mellom tredje og fjerde nummeret.
Det hjelpte ikkje. For trondheimspublikummet var det nytt, og sjølv om ein handfull var interessert, førte interessen til tilsynelatande introvert refleksjon og ikkje utagerande glede. Tilhøyrarane stod musestille.
Den obligatoriske «we like it here in Norway» førte til den obligatoriske jubelen, og det kom ein genuin reaksjon frå publikum då bandet spelte ein verkeleg «old» song: Stooges-klassikaren «I wanna be your dog». Og ettersom nestesporet «Oh Dead Life» er eit av Dog Days mest fengjande og umiddelbare, tok stemninga i salen seg opp.
Kanadiarane klarte å halde entusiasmen – både på scenen og på golvet – eit hakk høgare resten av konserten. Men etter berre to låter til avrunda dei det heile låta «Music Powers». Så langt strekte dei musikalske kreftene til Dog Day seg i kveld: 13 nummer, og for å vere ein så kort konsert, var det langt mellom høgdepunkta.