Teknikken feila på Pstereo

Uventa problem førte til stopp i fleire konsertar.

Publisert Sist oppdatert

Ein jordfeilbrytar gjorde at Ulver måtte ta ei pause under gårsdagens konsert.

– Det er vanskeleg å forutsjå slike ting, spesielt når vi set opp eit så stort apparat på så kort tid. Vi fann årsaka og fekk ordna opp i det. Siste halvdel av konserten gjekk smertefritt, så eg ser ingen grunn til at problemet skal gjenoppstå, seier teknisk ansvarleg for Pstereo, Tor Breivik.

Også Motorpsycho måtte ha teknisk assistanse undervegs i konserten

– Motorpsycho hadde ein forsterkar som tok kvelden. Dette er slikt som kan skje, og kan samanliknast med å slite ein streng på gitaren, seier Breivik.

Ein festivaldeltakar Under Dusken har vore i kontakt med fortel om tekniske problem også under konserten til Ane Brun.

– Ane Brun hadde med eigen lydteknikar, så eg trur ikkje det var noko teknisk problem. Men ho hadde lite tid til å rigge opp før konserten, og ho syntest kanskje den vart litt kort i forhold til det dei trengte, sier Breivik.

Positiv festivalsjef

Festivalsjef Frode Halvorsen kan melde om stor pågang, og totalt sett ein vel gjennomført fredagskveld.

– Det kom mykje folk, faktisk litt fleire enn forventa, noko som førte til at vi hadde litt for få toalett, men elles gjekk alt strålandes, meldar Halvorsen.

Han gler seg til kveldens program og trur ikkje at utfordringane frå gårsdagen skal setje nokon dempar på stemninga.

– Eg trur det kjem bra med folk i dag òg, og det er framleis nokre billettar igjen. Toalettproblemet jobbar vi med no, og når det gjeld dei tekniske problema så tok vi ein gjennomgang i natt og vi har fått forsikring om at det ikkje skal skje igjen, seier Halvorsen.

Powered by Labrador CMS