Vann med sølvbilete
Fotostudent Kristine Marion Jaklin tok juryen med storm under Landskonkurransen i regi av Norges fotografforbund. Heile tre av fotografia ho stilte opp med vann medaljar. Til saman var det godt nok til å bli kåra til «beste lærling».
FOTO
Foto: Mari Vold, Under DuskenDen 20 år gamle tromsøjenta går andreåret på Fotofagskolen i Trondheim. Ho har ikkje delteke i slike fotokonkurransar før, men var nære ved å nå heilt til topps i den årlege konkurransen.
– Hadde det fjerde og siste fotografiet mitt berre fått så mykje som «heiderleg omtale», hadde eg faktisk blitt «Årets fotograf». Det er framleis litt bittert å tenke på, men det går nok snart over.
Jaklin var likevel overraska over at sølvbiletet nådde så høgt opp som det gjorde.
– Eg trudde for å vere heilt ærleg ikkje at sølvfotografiet mitt skulle vinne noko i det heile, så eg vart ganske overraska då det fekk sølv.
Skummelt på scena
Fotofagskolen var godt representert blant deltakarane, representantane frå skulen fekk til saman 34 utmerkingar. Jaklin var likevel prega av alvoret då ho skulle fram for å ta imot prisen
– Det var ganske skummelt å stå på scena og ta i mot prisane, og eg var nok ganske raud i kinna der eg stod og haldt den obligatoriske takketalen.
Fotostudenten fortel at det ligg mykje arbeid bak suksessen, og at det blir mange lange dagar framfor redigeringsmaskina. Etter kvart ser ho føre seg ein jobb som fotografassistent før ho eventuelt kan starte sitt eige prosjekt. Mest av alt vil ho gjerne arbeide med mote.
– Eg siktar meg inn som motefotograf. Men det er nok ikkje dei heilt store pengesummane å hauste inn som motefotograf, så ein jobb innan reklamebransjen er også i høgste grad aktuelt. Uansett kjem eg nok til å måtte flytte på meg. Kanskje til Oslo eller Stockholm
– Kva har ein slik pris å seie for deg?
– Det er klart at det tek seg godt ut på CVen, og eg vil nok hauste ein god del ekstrapoeng når eg no skal søkje sommarjobb heime i Tromsø. Det er bra, for det er ikkje så mange som tilbyr sommarjobb der for ein fotograf, ler ho.