Bak den raude fasaden

Kva er det som gjer at tusenvis av Trondheim-studentar står i kø for å jobbe gratis?

Publisert Sist oppdatert

Dette spurde Rikke Storvik Sjøhelle seg då ho sjølv var frivillig på Samfundet og studerte sosiologi. Nysgjerrigheita vart til masteroppgåva «Med nøkkel til bakrommets privilegier: En kvalitativ studie av frivillig arbeid ved Studentersamfundet i Trondhjem», som ho leverte hausten 2022. I oppgåva bryt Sjøhelle den fjerde veggen og slepp publikum inn gjennom dei elles lukka dørene av Cassa Rossa. Ho fortel at ideen om å skrive master om Samfundet vart ein måte å rettferdiggjere endå eit verv.

– Våren 2021 var eg allereie med i TKS og Candiss då eg vurderte å bli med i Nybyggkomiteen. For å forsvare at eg tok på meg endå eit verv tenkte eg det ville vore ein fordel å skrive om noko eg interesserte meg i både i faget og på fritida.

Likevel fortel ho at temavalet først og fremst var bra for det faglege engasjementet hennar. Det vaks nemleg stadig i det nye vervet hennar, då ho byrja å sjå koplinga mellom frivillig innsats og fysiske forhold.

– Då eg var med i Nybyggkomiteen byrja eg å interessere meg for korleis sosiologi kan brukast i utforming av rom. Eg ville finne ut kva som var kjelda til det enorme engasjementet på huset slik at me kunne ta det med oss til det nye Samfundet.

Til oppgåva djubdeintervjua ho folk frå gjengane Regi, Klubbstyret og Studentersamfundets Interne Teater for å prøve å koma til kjernen i den levande frivilligheita.

– I analysen av den interne aktiviteten på Samfundet identifiserte eg fire kategoriar: leik, tidsperspektiv, internkortet og opplevinga av ein heim.

Lés og: Valgdebatt: – Jeg kunne gjerne tatt en dram med bestemor.

Innlemming og utanforskap

Frå ein sosiologisk ståstad vart Sjøhelle stadig meir fascinert over korleis Samfundet var som eit eige lite samfunn inni samfunnet. Samtidig vaks kjærleiken hennar for huset på eit personleg plan.

– Å setje organisasjonen i sentrum av masteroppgåva mi var ein måte å takke Samfundet på. Det var jo gjennom masteren at eg skulle ta farvel med byen og studentlivet.

Men med det runde raude på så nært hald, kom det nokre problemstillingar. Er det etisk forsvarleg å forske på noko ein sjølv er ein del av? Klarar ein å distansere seg? Kan det bli for mykje av det gode?

– Når det kom til metode måtte eg ta ein del avvegingar rundt det å vera frivillig sjølv. Etter mange samtalar med rettleiaren min, Aksel Tjora, fann eg ut at så lenge eg var bevisst og sjølvreflektert skulle det gå bra.

Både i posisjonen som intern på Samfundet og som forskar på prososial motivasjon, poengterer Sjøhelle at ein står i fare for å romantisere organisasjonen i ei slik avhandling.

– Det er jo ikkje sant at alt berre er fryd og gammen. Eg ville vera nyansert og ikkje neglisjere at det interne felleskapet på Samfundet óg avlar utanforskap. Likevel var premisset for forskninga mi at ein fokuserte på kva som skaper meining og glede i eit arbeid.

Vidare kan ho fortelje at andre masteroppgåver om Studentersamfundet har sett søkelys på korleis inndelinga av interne og dei øvrige medlemma skapar ein ekskluderande kultur.

1700 familiemedlemmar – éin heim

Sjøhelle oppdaga at noko som var felles for deltakarane frå dei ulike gjengane var at dei brukte ord tilknytta heimen når dei snakka om Samfundet. Ho skjønte at dess meir innsats dei interne la inn for å setje preg på områda sine, jo meir eigarskap fekk dei til plassen.

– Med familiebilete på veggane, eigne leikerom og stue liknar huset ein heim.

Ho låner frå Goffmans dramaturgi, og seier at huset har ei fordeling av fasaderom og bakrom kor ein kan trekke seg tilbake. Der kan ein óg, som på sitt eige barnerom, leike seg og invitere venner.

– Likevel veit alle kven som eigentleg «bur» der, og dette blir tydeleg når det krevst nøkkelkort for å ha tilgang.

Nettopp rolla til internkortet utgjer ein stor del av dei romslege forutsetningane for livet på innsida av dei raude veggane. Det både opnar for dei som er innlemma i fellesskapet og begrensar tilgangen for dei som ikkje er det. Slik blir det óg ein synleg identitetsmarkør.

– Dei sosiale aspekta handlar om korleis dei frivillige brukar romma. Tidsperspektivet – den sosiale husrytmen som deler opp kvelden i ulike delar – gir romma nye funksjonar. Måten romma heile tida endrar funksjon er noko av det som gjer at studentane kan bruke så mykje tid der.

I urban sosiologi blir det ofte referert til Oldenburgs «plassar». Ein førsteplass som er der ein bur, ein andreplass som er der ein jobbar og ein tredjeplass som er der ein brukar fritida si.

– Samfundet kan kallast ein tredjeplass fordi det er ein arena for å dyrke interesser og relasjonar. Samtidig argumenterer eg for at huset kan kallast ein kombinasjon av alle plassane, sidan dei interne opplev det som ein heim og legg inn mange timar med arbeid i vervet sitt.

Lés og: Lover den mest minneverdige Pride-feiringen noensinne.

Sosial berekraft

Vegen frå ei sosiologiutdanning til fast jobb er ofte uforutsigbar og individuell. For Sjøhelle sin del førte han direkte til eit arkitektkontor i Oslo.

– I desember flytta eg til Oslo for å byrja i ny jobb hos Sweco. Der kjem eg med eit samfunnsvitskapeleg perspektiv til byutviklinga.

Jobben hennar der har fokus på sosial berekraft – kort sagt at menneske skal ha det bra i omgivnadane sine.

– Jobben min rommar alt det eg kan og er oppteke av. Eg har fått stort utbytte av masteren min som handla om nettopp fellesskap i fysiske strukturar. Der er jo Samfundet eit prakteksempel!

Det er tydeleg at Sjøhelle har funne ein lidenskap, og at ho ber med seg det sosiale engasjementet frå studietida. Men gjeld det fortrinnsvis vidareføringa av ein internkultur som først og fremst dei frivillige fekk glede av?

Kva kan funna frå forskinga di bidra til i samfunnet utan «d»?

– Oppgåva mi stiller jo det grunnleggjande spørsmålet om kva som motiverer folk til å halde på med ting. Eller for å vera endå meir banal; kva som gjer oss lykkelege. Dette er kjempeverdifull kunnskap for arbeidsplassar der folk skal kunne trivast og vera kreative.

Dessutan er Samfundet eit ganske unikt eksempel på prososial motivasjon, sidan frivillegheita i dei mindre studentbyane og i Norge generelt har slitt dei siste åra, forklarar Sjøhelle. Der ligg det eit svært verdifullt potensiale for både individ og samfunn.

– Den studentkulturen som finst i Trondheim og på Samfundet er jo kjend over heile landet for ein grunn. Om ein hadde klart å overføre den kulturen rundt arbeid og leik til andre delar av samfunnet, trur eg det hadde gjort ein stor forskjell.

Powered by Labrador CMS