SESONG: Sopp med smørsteikt surdeigsbrød.

Raust med råvarer på Bifrons

Det er sjeldan ein blir skuffa når ein kjem til ferdigdekt bord – i dette tilfellet blei me det. Det endra seg raskt då brødet kom på bordet.

Publisert

Midt mellom Nidarosdomen og Trondheim kino finn du ein stad som lenge har vore ein kjær plass for studentar. Med store bord, gratis påfyll av kaffi og ein forlokkande brød- og lunsjbuffé til ein billig penge, har Café ni muser husa både studiegrupper og enkeltstudentar på utkikk etter, eller i samhandling med, éin eller fleire av sine muser.

Sorgen var stor då kafeen stengde for godt tidlegare i vinter, men det opna seg framleis eit håp om ein god studiekafé då nye eigarar ville satse på dei inspirerande lokala.

Ikkje som før

SURDEIGSBRØD: Det er lite som gir betre førsteinntrykk enn ei korg med godt brød.

Bordtilvisninga ved inngangen, bordgruppene med høge vinglas og dei koparfarga bestikka gjer at me raskt konstaterer at dette ikkje lenger er ein stad for å samle kollokviegruppa eller gjere siste innsats på heimeeksamen. Smått medtatt og skuffa blir me vist til eit tomannsbord ved inngangen. Fleire av gjestene har vald å ete ute i den lune seinsommarlufta og svinsar inn og ut av dei høge dørene. Hagemenyen blir presentert i ei elegant skinnmappe.

På høgtalarane speler dei hits og slagerar i behageleg volum, og lokalet er langt frå halvfullt denne torsdagskvelden. Berre sekund etter at me har bestemt oss for kveldens føde, blir det plassert ei skål med brød på det vesle bordet, og inntrykket får eit positivt oppsving.

Det blir fort fastslått at føda faktisk er surdeigsbrød og av ganske god kvalitet. Med ei sprø og seig skorpe må me jobbe litt for å tygge oss gjennom dei små skivene. Me rekk berre å ta to bitar før hovudretten er på bordet. Her er dei effektive!

LES OPPSKRIFT: Ferskt steinalderbrød

Eit traust og trygt måltid

Dagens rett er grilla brød med kantarell, bacon og steinsoppsmajones samt eit salatblad lurt mellom. Ut frå lukta framstår retten som ein fryd for ganen. Det smørsteikte brødet er på grensa til krutongsprøtt, og saman med haugen av feit, smakfull sopptopping får retten ein god kontrastfylt konsistens.

Dei har vore rause med soppen, samtidig som det på ingen måte er for tungt eller dominerande. Smørbrødet er enkelt og mildt, men likevel velsmakande.

Ein stor porsjon til under tohundrelappen gir ein god munnfull, men det freistar å bestille ein liten porsjon til. Om det er smaken eller storleiken som skapar dette ynskjet, er me uvisse om.

Lett måltid, tunge smakar

SMAKSBOMBE: Denne retten gir nesten litt mykje smak for pengane.

Dagens bestilling var eit trygt, behageleg og digg måltid, men her er det også potensiale for å gå utanfor komfortsona. Er du meir eventyrlysten og uredd, er det minst éin rett på menyen som kan utfordre smakslaukane dine. Råmarinert lettrøykt uer minner ein del om ceviche. Relativt store stykke med uer kviler tungt på eit tynt lag med ruccola. Fisken er i selskap med bitar av mango, chili, raudlauk og fint strimla fennikel på toppen av det heile. Dette er ein eksplosiv rett både i fargar og smak.

Fisken har ein utprega røykt smak, og saman med den syrlege laken i botnen av skåla byr retten på ei uvand og utagerande oppleving. Smakslaukane må verkeleg jobbe i møte med denne samansettinga. Får du alle ingrediensane på gaffelen samtidig, og i tillegg greier å dyppe gaffelen i den vesle krukka med aioli, kan du oppleve ei god blanding av røykt, syrleg, sprøtt og friskt.

Kokkane er rause med råvarene her òg. Dei store fiskestykka dominerer tallerkenen såpass mykje at det ikkje er att frisk garnityr til alle munnfullane. Dette gjer at måltidet opplevast i overkant stimulerande, og sjølv med retten på deling må me til slutt resignere og la nokre fiskebitar ligge.

LES OPPSKRIFT: Pitabrød med sommer som tilbehør

Ein nydeleg klatt komfort

Til sist får me servert ein kopp kaffi og eit stykke kake. Rabarbrakake med rørosrømme. Kaffien smakar lite etter smakseksplosjonen i hovudretten, men så fort me har sett tennene i desserten, forvandlast han til ein velbalansert, fruktig fornøyelse. Smakane i kvar bønne kjem fram, og det gjer godt med litt bittert til det søte.

Rabarbrakaka minner mykje om eplekake ein bakar i ein skuff. Ho er tørr, men med innslag av søtsyrlege bitar av rabarbra. Kaka er god, men det som verkeleg får gommane til å renne, er rørosrømmen. Han er ein fest for appetitten, både for seg sjølv og inntil kaka. Ei perfekt søtna ut syrleg rømmeskei med god kremete konsistens. Ein nydeleg klatt komfort til kaka og kaffien.

Me forlèt lokalet med erkjenninga om at Bifrons ikkje kan samanliknast med forgjengaren sin; dei har ikkje lagt til rette for å banke nedpå nokre gode timar med studering. Likevel byr dei på rettar som inneheld raust med råvarer, og som kan leggast inn i studentbudsjettet.

SIDEDESSERT: Kaffien smakar absolutt best til rørosrømmen som kjem med rabarbrakaka.

LES OGSÅ: Butikkenes søppelkasser er fulle av spiselig mat

Powered by Labrador CMS