
Kakao-magi
Thomas Dybdahl, ein Gibson og eit munnspel. Meir trengs ikkje for å skape magi.
Tekst: Kjersti Anderdal Bakken, Radio Revolt
Dette skulle bli ein terningkast 6-anmeldelse. Eg skulle komme heim frå konsert med massevis av inspirasjon til å skrive side opp og side ned om kor fantastisk Thomas Dybdahl er, hans sarte røst som treff midt i hjarterota, dei intelligente og musikalske akkordprogresjonane, om tekstane hans som lagar dei sterkast mentale bileta, og så vidare.
Men her sitt eg då, mållaus med klump i halsen. Og ja, sjølvsagt var det ein terningkast 6-konsert! Kva anna kan ein vente av ein eksklusiv intimkonsert med Noregs beste singer/songwriter? Men at det skulle bli så fint, så intimt, så avslappa og så sterkt, det hadde nok ingen trudd.
Ein perfekt setting
Thomas Dybdahl på Løkka, ein setting der hans sarte røst og nydelege gitarspel verkleg kjem til sin rett. Frå den augeblinken han går opp på scena har han publikum i si hule hand. Praten går, og det er kort avstand mellom scene og sal. «Eg er ikkje lenger så redd for at alt kan gå til helvete», fortel han før han set i gang med endå ei ynskjelåt frå publikum, nemleg nydlege Henry. Og etter 1. verset er det stopp. «Korleis var det neste verset igjen?» spør han, tilsynelatande avslappa. Men med halve publikum som sufflørar er det ikkje noko problem at protagonisten dett ut av manus. Ei strofe skulle til, så er han på sporet igjen, og magien heldt fram.
«What´s Left is Forever»
Det blir éin time med prat, mimring og sjølvsagt; nydeleg musikk. Vi får servert låtar frå samtlege av dei akustiske soloplatene hans, noko av filmmusikken han har komponert dei siste åra, og sjølvsagt smakebitar av det kommande albumet «What´s Left is Forever». Innspelinga har føregått på vestkysten i USA, noko musikken bar preg av. Materialet er óg meir poppete enn det vi tidlegare har høyrt av rogalendingen, og skiljer seg veldig frå den forrige soloplata «Waiting For That One Clear Moment», der sounden var meir elektronisk og eksperimentell.
Frivillige heltar
Thomas Dybdahl leverer. Han bergtek samtlege i publikum og dreg oss med inn i ei verd fylt med gode historiar og sterke kjensler. Ein unik opplevelse som får den mest erfarne konsertgjenger til å slå opp augene.
Men det er ikkje berre artisten som skal få godord etter ein slik kveld. Gjengen i Kakaomusikk fortener óg ein stor takk. Med store smil møter dei ein i døra, serverer gratis kakao, tek bileter, spelar ventemusikk, riggar opp og fiksar alt det som gjer På en torsdag-konsertane på Café Løkka til intime og stemningsfulle opplevelsar som ikkje kan samanliknast med nokon andre arrangement i byen. Thomas Dybdahl på Café Løkka - ein perfekt semesteravslutning på eit fantastisk konsertprosjekt.