Ukens listeoppdateringer

Ny musikk på listene til Radio Revolt!

Publisert Sist oppdatert

Kvar veke oppdaterast A- og B-listene til Radio Revolt! Musikkredaksjonen leitar fram dei nyaste utgivingane, og kun det beste av det beste får plass på våre lister. Her kan du sjå kva låtar musikkredaktøren har vald ut for veke 9:

Vågsbygd Handy - Bandolero

Vågsbygd Handy er ein rap-gruppe frå Vågsbygdområdet i Kristiansand, med medlemmar frå gruppene Fresh in the flesh og Ord Mot Ord. Bandolero er ein splitter ny låt frå denne gruppa, og er produsert av Helgeland 8-bit squad.

Hør på sangen her.

Brolin - Rekjavik

"I am a bedroom producer, self-taught, self-analysing, into beats, space and melody", fortel Iam Brolin om sitt debutprosjekt. Soveromsprodusenten har fått ein pangstart på karriera med låtane “New York” og “Lisbon”, og no «Rekjavik». Som ein hyllest lagar han nydelige elektropoplåtar om ulike byar. Musikken føyer seg inn som ein del av den britiske elektropopbølgja med James Blake i spissen. Nydelig vokal med suggererende bass og groovy rytmer. Brolin slepp EP 25. mars.

Hør på sangen her

Sean Paul - Everyday
Lei vinter og snø? Med denne låta er det berre å lete att augene og draume seg bort til sol og varme. Den jamaicanske reggae og dancehall-artisten Sean Paul er igjen tilbake med ein ny låt, no frå ein Stephen "Di Genius" McGregor-produksjon.

Hør på sangen her

Mona & Maria- Silent summer

Mona & Maria er ein ny duo frå Oslo. Musikken kan beskrivast som harmonibasert pop med eit akustisk preg. Dei debuterar med albumet My Sun 19. april, og med seg har dei eit stjernelag av norske musikarar, mellom anna Martin Horntveth, David Wallumrød, Eivind Staxrud og Olaf Olsen.

Hør på sangen her

Townes Van Zandt - Lungs

Herlig country frå den tidlause amerikanske singer-songwriter Townes Van Zandt. Lungs er henta frå den nye skiva Sunshine Boy: The Unheard Studio Sessions and Demos, med uutgitte saker fra 71-72.

(Finns ikkje på nettet)

Luke Winslow King - You don't Know Better Than Me

Rustikk og elegant! Luke Winslow-King frå byen med det heller fjollete navnet Cadillac, Michigan, kjem ut med album 23. April.

Hør på sangen her

Powered by Labrador CMS