Åttekamp om styreverv
Åtte studentar skal i april krige om to plassar i NTNU-styret.
STYREVAL
NTNU-styret er det høgaste organet ved universitetet og er sett saman av elleve medlemmar. To av dei er studentar.
I dag er det Jens Maseng og Jasmin Jahre som har dei to plassane. Dei held dei fram til 1. august. Då skal to nye studentar – ein gut og ei jente – overta.
Fem gutar og tre jenter ønskjer desse verva.
I valperioden, mellom 24. og 30. april skal studentane ved NTNU velje kven som får tilliten.
DETTE ER KANDIDATANE:
Astrid Elisabeth Pihl
Alder:24****
Kjem frå: Langesund, Telemark****
Studerer: Sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk, 4. klasse****
Bakgrunn: Aktiv i Studentersamfundets Interne Teater (SIT), blant anna som økonomiansvarleg. Assistent for revysjefen under UKA-05.
Kampsaker
Astrid Elisabeth Pihl meiner at undervisningskvalitet må kome i fokus.
– Vi må ha motiverte førelesarar som er dyktige formidlarar.
Pihl ønskjer at førelesningane skal vere ein kvalitetssikker ressurs for studentane.
– Det er det viktigaste tilbodet universitetet gir til studentane.
Om seg sjølv
Pihl ser på seg sjølv som utadvendt og lydhøyr, og ein person med sterk rettferdssans.
– Eg vil vere veldig open for tilbakemeldingar frå studentar.
Ho meiner også at ho har stor stå på-vilje, er diplomatisk og pragmatisk.
– Eg er realist. Har ein klare rammer å forhalde seg til, må ein gjere det beste ut av det innafor dei rammene.
Om styrejobben
– Vi skal representere studentane. Men som styrerepresentant får du meir kunnskap, og eit større perspektiv på ting enn det gjennomsnittsstudenten har. Ein har også eit samfunnsansvar når ein sit i styret, seier Pihl.
Terje André Arnøy
Alder:23****
Kjem frå: Narvik, Nordland****
Studerer: Filosofi, sosiologi, sosialantropologi****
Bakgrunn: Instituttrepresentant på Filosofisk institutt****
Kampsak****
– Eg vil at studentane skal vere med på å bestemme retninga til NTNU.****
Arnøy er også oppteken av tverrfaglegheit, og at fagmiljøa vert meir utadvendte.****
– Rettleiing og rådgjeving må leggje opp til at studentane skal finne sin motivasjon til* tverrfaglegheit i eige fag. Det er viktig at studentar og fagtilsette har blikk utover sitt eige fagområde.***
Om seg sjølv
– Eg har veldig lyst til å gjere denne jobben for studentane.****
Arnøy liker å bli utfordra på det han meiner.****
– Eg liker å høyre på innspel og at folk kjem med gode idear.****
Han trekk også fram at han prøver å kommunisere saker så godt som mogleg.****
– Eg legg vekt på å vere klar og tydeleg.****
Om styrejobben
Arnøy meiner det særs vanskeleg å balansere lojaliteten til veljarmassen og til styret. ****
– Men eg vil først høyre kva studentar har av meiningar, og er open for kritikk**** dersom studentane meiner at eg ikkje har handla i deira interesse.
Tonje Sommerli
Alder: 23
Kjem frå: Mo i Rana, Nordland
Studerer: Master i historie
Bakgrunn: Studentutvalet for humaniora og statsvitskap (SU-HSV)
Kampsak
– Det viktigaste er å utbetre dei to campusane vi har i dag.
Sommerli ønskjer altså ikkje å samle verksemda til NTNU på ein campus i Gløshaugen-området. Det skal det sitjande styret ta stilling til 10. mai. Dersom det vedtek å samle NTNU, vil Sommerli arbeide mot dette vedtaket.
– Eg trur det er betre å behalde dagens to-campus-modell. NTNU bør heller inngå ei avtale med Team Trafikk for eit betre busstilbod, seier ho og er kritisk til det sitjande styret.
– Det verkar som om styret har bestemt seg for ei ein-campus-løysing.
Om seg sjølv
Sommerli omtaler seg sjølv som kreativ og fantasifull.
– Eg kan sjå nye vegar, nye løysingar der det kan synest å ikkje vere nokon.
Ho er også veldig engasjert.
– Og når eg vert engasjert, vert eg lidenskapleg engasjert – som ein brannfakkel.
Om styrejobben
– Det viktigaste ved styrejobben er at ein er ærleg og seier det ein meiner.
Martin Aspebakken Sværen
Alder: 22
Kjem frå: Voss, Hordaland
Studerer: Sivilingeniør i fysikk og matematikk, 2. klasse
Bakgrunn: Vernepliktskontakt, studenttingsrepresentant, fakultetstillitsrepresentant (FTR) på Fakultet for naturvitskap og teknologi
Kampsak
Sværen meiner at NTNU må ta medvitne val for å oppnå målet om å bli internasjonalt framifrå. Blant anna bør det innførast krav om gode matematikkunnskapar hjå dei som skal byrje på sivilingeniørstudiet. Han etterlyser også ein prinsipiell debatt om adgangsbegrensing.
– Det er uheldig at NTNU innførte adgangsbegrensing på grunn av økonomi, og ikkje på bakgrunn av ein strategisk diskusjon.
Sværen meiner at NTNU bør rekruttere dei beste studentane, og for å klare det må Trondheim ivareta det gode studentmiljøet byen har i dag.
– NTNU må støtte opp under den frivillige studentkulturen.
Om seg sjølv
Sværen meiner han har ei genuin interesse for universitetsutvikling.
– Eg byrja som studentpolitikar på fakultetsnivå, og har etter kvart blitt særs interessert i student- og universitetspolitikk.
– Eg tør også å prioritere og seie at eg har gjort ei prioritering, sjølv om det kanskje er upopulært.
Om styrejobben
– Det er viktig at styret fungerer saman. Når styret har teke ei avgjerd, så må alle stå for den. Det er samstundes viktig å ha kontakt med studentane, ikkje berre gjennom studentdemokratiet. Men når ein sit i styret, må ein så klart ha lojalitet til det.
Helene T. Strøm-Rasmussen
Alder:27
Kjem frå: Halden, Austfold
Studerer: Master i antropologi
Bakgrunn: Instituttrepresentant på Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Aktiv i UKA-01 og ISFiT-01.
Kampsak
Strøm-Rasmussen vil arbeide for at NTNU vert meir vørda internasjonalt. Det vil også betre sjølvkjensla til studentane, trur ho.
Ho ønskjer også at humaniora og teknologifag må samarbeide meir. Dette ser ho som eit steg på vegen mot eit internasjonalt vørda universitet.
Om seg sjølv
Strøm-Rasmussen meiner ho har stor kunnskap til NTNU, i og med at ho har studert ved universitetet sidan 2000.
– Eg kjenner organisasjonen, både demokratisk og byråkratisk, smiler ho.
Ho omtaler også seg sjølv som ryddig og effektiv, og trekk fram si internasjonale røynsle. Haldensaren har studert både i Uganda, Frankrike og Irland.
– Når eg vurderer NTNU har eg difor også eit breitt samanlikningsgrunnlag.
Om styrejobben
– Det er viktig å ikkje gløyme kven som har valt deg.
Men Strøm-Rasmussen framhev også at styrerepresentantane kan setje seg betre inn i sakene enn gjennomsnittsstudenten.
– Dermed kan eg kome til å stemme mot det fleirtalet av studentane meiner om ei sak. Ein jobbar jo også saman i eit styre. Det må eg ta omsyn til. Dei andre i styret er også gjerne eldre og meir erfarne enn studentane.
Kjell Rohde
Alder: 24
Kjem frå: Bergen, Hordaland
Studerer: Teknisk kybernetikk, 4. klasse
Bakgrunn: Linjeforeiningleiar i Omega, studenttingsrepresentant, hangaround i Serveringsgjengen på Studentersamfundet, tillitsrepresentant i Studentrådet på Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk.
Kampsak
Rohde er særs oppteken av kvaliteten på høgare utdanning i Noreg, og ser på NTNU som det mest toneangivande universitetet her til lands.
– Det er mykje snakk om at NTNU skal bli internasjonalt framifrå, men det har vore for lite fokus på kva dette vil ha å seie for kvaliteten på studia.
Bergenseren er positiv til lukking av fag, og meiner at det vil vere eit verkemiddel for å forbetre kvaliteten på studia ved NTNU.
Om seg sjølv
– Eg har veldig lyst til å gjere ein god jobb, seier Rohde.
Men han er usikker på kva eigenskapar han har som vil vere nyttige i ein styrejobb.
– Eg har heilt klart lyst til å setje meg inn i ting, seier han.
Rohde trur at brei røynsle frå ulike frivillige engasjement, og at han har bakgrunn frå ein høgskule, gjer han godt rusta til vervet.
Om styrejobben
– Grunnen til at det sit studentar i styret, er at studentar har ei anna kompetanse enn dei andre styremedlemmane. Styrerepresentantane skal komplettere kvarandre. For å kjempe eksplisitt for studentane sine rettar, har vi andre organ, som til dømes Studenttinget.
Peter Scheie Karlsaune
Alder:24
Kjem frå: Sandefjord, Vestfold
Studerer: Master i statsvitskap
Bakgrunn: Engasjert i linjeforeiningar. Har vore gjengmedlem på Samfundet i fire år. Først i TSS (Trondhjems Studentersangforening), dei siste 2,5 åra i Pirum.
Kampsaker
Peter Scheie Karlsaune er einig i NTNUs ambisjon om å bli eit universitet i internasjonal toppklasse, men mangfaldet må bevarast.
– Vi må unngå å bli eit keisamt eliteuniversitet med ei einsformig studentmasse.
Han er i tillegg oppteken av det frivillige studentengasjementet, og at det skal vere rom for det i framtida også.
– Ein kan lære like mykje av det som av å gå på førelesingar.
Om seg sjølv
Karlsaune omtaler seg som engasjert og ansvarsfull, og ein person som liker å halde seg oppdatert.
– Eg liker å utfordre mine eigne haldningar. Eg har meininger om det aller meste, men kan skifte meining når eg får meir kunnskap om eit emne.
Om styrejobben
– Ein studentrepresentant i styret skal tale studentane si sak. Ein må tørre å heve stemma og vere eit friskt innslag i styret.
Men Karlsaune meiner ikkje at studentane i styret alltid skal fremje synspunktet til gjennomsnittsstudenten.
– Når du er blitt valt inn i styret, har du samstundes fått tillit til å ta ei sjølvstendig avgjerd på det grunnlaget som ligg til grunn for den avgjerda.
Sverre Bugge Midthjell
Alder:25
Kjem frå: Verdal, Nord-Trøndelag
Studerer: Samfunnsøkonomi og statsvitskap
Bakgrunn: Funksjonær i ISFiT-05, leder i Velferdstinget 2004, styremedlem i SiT Kafé og SiT Tapir. Fakultetstillitsrepresentant på SVT-fakultetet, sekretær for linjeforeininga Krøsus.
Kampsak
– Undervisningskvalitet. Vi må ha eit tydeleg mål om at alle studentar skal få god nok oppfølging, slik at intensjonane bak kvalitetsreformen blir gjennomført. I dag er det altfor lett å gå på Dragvoll og ikkje studere. Mange får ikkje den oppfølginga dei har krav på. Det taper både NTNU og studentane på. Her kan faktisk miljøet på Dragvoll lære ein del av Gløshaugen.
Bugge Midthjell er også oppteken av den frivillige studentkulturen i Trondheim.
– NTNU må innsjå verdien det frivillige studentmiljøet har. Ein aktiv studentkultur gir motiverte studentar som gjer det bra på universitetet.
Om seg sjølv
– Eg kjenner mange område av studentkulturen. Dessutan er eg meir oppteken av å få gjort noko som er viktig enn av å hauste heider og ære.
Om styrejobben
– Det aller viktigaste er å ikkje gløyme at du er student. Det følgjer mange fine middagar og god konjakk med styrevervet. Det er viktig å ikkje bli oppslukt i dette. Eg har klart denne balansegangen før. Det er såklart viktig å samarbeide med dei andre i styret, sjølv dei du har lite til felles med. Men ein må ikkje bli så samarbeidsvillig at ein blir ei nikkedukke. Det er veldig farleg.
DETTE SKJER FRAMOVER
• 4. april: Kunngjering av kandidatar.
• 5. april: Klagefrist på manntalet. Studentane må sjølve sjekke at dei er oppført i manntalet. Dersom dei ikkje er det, får dei ikkje røyste. Du finn ut korleis du gjer dette på sida: www.studenttinget.no/valg
• 24.-30. april: Valdagar. Du røyster via vevsida: www.studenttinget.no/valg. Her finn du også utfyllande informasjon om kandidatane.
• 2. mai: Valresultatet vert offentleggjort på www.studenttinget.no/valg og – så klart – www.underdusken.no.
I tillegg vil det bli heldt valdebattar der kandidatane deltek. Tid og stad for desse debattane vert gjort kjend seinare.