
Bustadløft på Moholt
Innan få år kan studentbyen på Moholt få opp mot 400 nye studentbustadar.
Etter nærare 50 års drift byrjar Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) å planlegge framtida til Moholt Studentby.
I den samband arrangerte dei ein arkitektkonkurranse ved namnet «Moholt 50|50» for å få idéar til korleis Moholt kan utviklast dei neste åra. Allereie om to år kan den første delen av utbyggjinga starte.
Martin Lau Slåtten sit i bustadrådet for prosjektet, og er særs positiv til planane.
– Det er mykje unytta plass på Moholt. Det meste av det er parkeringsplassar, og sidan studentar flest ikkje har eigen bil, er det ikkje vits å behalde desse, seier han.
Det kan gjennomførast utan å rive bustadar, og ifølgje planane inneber det å byggje fem tårn med nærare fire hundre hybeleiningar. I tillegg kan det kome eit servicehus med butikk og treningssenter.
I næraste framtid
– Me ser for oss å byrje med det første byggjetrinnet i 2015, men det er sjølvsagt avhengig av kva me eventuelt får av statstilskot, seier prosjektsjef i kvalitet Bård Kåre Flem i SiT.
– Det er framleis berre eit moglegheitsstudie, men er trass det i høg grad realistisk, legg han til.
Ved å først etablere eit sentrum ynskjer arkitektane som vann konkurransen, MDH Arkitektar og Arne Henriksen Arkitektar, å lausrive større grøntareal, og gi Moholt eit tett, urbant miljø.
Men før det kan gjerast må dei gjennomføre ein reguleringsplan for å bestemme kor mykje areal dei skal nytte til utbygging i området.
– Sjølve reguleringsplanen kjem nok til å ta minst eitt år, seier han.
Ifølgje Flem ynskjer dei også etterkvart å byggje ein del private bustadar på Moholt.
– Ved å byggje og selje kan me generere kapital til å utvide tilboda våre, seier han.
Unytta areal
Moholt er Trondheims største studentby med totalt 2118 bebuarar. I dag har bustadane ei tomteutnytting på 43 prosent.
Dersom alle tre byggetrinna av prosjektet vert gjennomført som det står i byggjeforslaget til «Moholt 50|50» vil SiT sitje igjen med ei tomteutnytting på 73 prosent. Bård Kåre Flem har ikkje noko klårt svar på kva tid det kan skje, men er sterk i trua på at dei innan 2015 vil ha kome nærare målet.