Eivind og Marte skal styre NTNU-studentane

Eivind Saga og Marte Sendstad vert studentanes representantar i NTNU-styret etter å ha sanka høvesvis 25,4 og 18,9 prosent av stemmene.

Publisert Sist oppdatert

STUDENTPOLITIKK

Foto: Marte Lohne, Under DuskenDe nyvalgte (til høyre) feiret seieren. Tidligere studentrepresentant i styret, Bjørn Utgård, i midten.

– Det er som å sjå ein fotballkamp der laget ditt vinn, seier Saga, då valresultatet blir gjort kjent på valvaka natt til måndag.

Han håper at studentane i løpet av det komande året skal få oppmjuka den såkalla gjentaksregelen. NTNU har den strengaste regelen for gjentak av greidde eksamenar i heile Noreg.

– Eg er kjempeglad for moglegheita til å jobbe med saker som mange studentar er opptekne av, og som det er avgjerande at NTNU tek tak i, seier Marte Sendstad.

Hennar fanesak er større fokus på utveksling.

9,6 % av NTNU-studentane deltok i valet av representantar til styret. Det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå i fjor. Saga og Marte trer inn i styret 1. august. Då tek dei over for Sverre Bugge Midthjell og Astrid Pihl.

Powered by Labrador CMS