Ekstreme oppussing
NTNU skal bruke 1 milliard på å fornye campusane på Dragvoll og Gløshaugen. Men finansieringa er ikkje på plass.
CAMPUSUTVIKLING
Få saker har oppteke NTNU-styret like mykje som campusutvikling det siste året; temaet har vore oppe i styret i sju av ti møter.
9. mai skal det takast stilling til eit storslått framlegg frå administrasjonen om å bruke 1 milliard kroner på å utvikle campusane på Gløshaugen og Dragvoll. 600 millionar skal brukast på Gløshaugen: utvikling av laboratorier; samling av Institutt for industriell økonomi og teknologileiing i eit nytt nybygg i Hesthagen; omrokkering av området mellom Gamle kjemi og Søndre lavblokk for å skape fleire møteplassar og grupperom.
360 millionar kroner skal brukast til å utvikle NTNUs campus på Dragvoll. Det meste går til eit nytt bygg på over 10 000 kvadratmeter som skal gje nye auditorier, grupperom og studentarbeidsplassar. I tillegg skal dei eksisterande areala omstrukturerast slik at dei vert utnytta betre.
NTNU ønskjer å selje om lag 3000 tomter på Dragvoll for å finansiere campusprosjektet. Det vil gje om lag 700 millionar i inntekter. Dette krev godkjenning frå kommunen, som tidlegare har vore negativ til omfattande bustadbygging på Dragvoll dersom NTNU framleis skal behalde campusen der. Kommunen ønskjer i staden at universitetet vert samla i området rundt Gløshaugen og Øya.
Men NTNU-styret avgjorde i mai i fjor at universitetet framleis skal ha to campusar, fordi ei samlokalisering krevde ei statstøtte på om lag 700 millionar kroner. NTNU mottok ingen signal om at dei ville motta ei slik støtte.
Planane om oppgradering av dei to eksisterande campusane inneber også ei statstøtte – på om lag 300 millionar. Men administrasjonen har også ein plan B, dersom kunnskapsdepartementet ikkje opnar pengeboka i det heile. Denne legg opp til ei mindre omfattande fornying av Dragvoll og Gløshaugen.