Endeleg nye nettsider for NTNU
På femte forsøk klarte NTNU å lansere nye nettsider fredag 26. januar.
NYE NETTSIDER
NTNU har lenge hatt planar om å renovere nettsidene sine. Første plan var å lansere nye nettsider 1. oktober 2005. Sidan då har lanseringa blitt utsett fire gongar.
Prislappen på prosjektet er venta å bli rundt ti millonar kroner. Målet er at NTNU skal ha dei beste nettsidene av alle dei nordiske universiteta.
Då NTNU ikkje klarte å levere nye nettsider 18. desember, gjekk rådgjevar Tore R. Jørgensen ved Fakultet for informatikk, matematikk og elektronikk (IME-fakultetet) ut til media. I Universitetsavisa og Under Dusken uttalte han at NTNUs manglande evne til å få klar dei nye nettsidene hang saman med at universitetet manglar ein klar identitet å profilere seg med.
NTNU er som kjent ei samanslåing av åtskilte og ulike kulturer; først og fremst teknologimiljøet frå gamle Norges tekniske høgskole (NTH) ved Gløshaugen, og humaniora- og samfunnsvitskapsmiljøa ved Dragvoll. Jørgensen meinte at universitetet heller enn å skape ein ny NTNU-identitet burde framheve mangfaldet innanfor institusjonen.