Får stadig svakare syn
– Eg har bytta briller tre gongar sidan eg byrja å studere, sukkar Cecilie Gjære (25).
Psykologistudenten har vore til synstest, og har nok ein gong for svake briller. Dette vert dyrt for studentlommeboka. Gjære har studert i fem år, og er ikkje i tvil om at all lesinga har skuld i stadig dårlegare syn.
Foto: Therese Marie Tande, Under DuskenNÆRSYNT: Etter fem år på lesesalen merkar Cecilie Gjære at ho har blitt mykje meir nærsynt.
– Eg hadde minus 1,5 før eg byrja å studere. No har eg minus 2,5, fortel ho.
Skoledagane er lange, og ho har høyrt rådet om lesepausar, men synes det er tungvint å gjennomføre dette i praksis. Studenten merkar symptom på at synet er overarbeida.
– Eg kjennar at eg vert sliten i augene, eg myser meir, og så får eg vondt i hovudet.
Ho kjennar til påstanden om at vi ikkje er skapt for lesing.
– Men kva skal vi gjere då? spør ho oppgitt.