Flyttemotstandar valt inn i NTNU-styret

Den profilerte flyttemotstandaren Svein Lorentzen er valt inn i styret som ein av tre representantar for dei vitskapleg tilsette.

Publisert Sist oppdatert

Professoren ved Program for lærerutdanning har markert seg som ein kraftig motstandar av samlokaliseringsprosessen, der ein greier ut som Dragvoll-miljøet skal flyttast ned mot Gløshaugen og sentrum.

Dei to andre representantane for dei vitskapleg tilsette er professor An-Magritt Jensen ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap og professor Rigmor Austgulen ved Institutt for kretforsking og molekylær medisin. Austgulen er også med i det sitjande styret.

For første gang får dei midlertid tilsette i undervisning og forsking ved NTNU ein representant i styret. Denne gruppa valte stipendiat Terje Wahl frå Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap som sin representant.

Sektrataritatsleiar Kristin Dæhli i Forskarforbundet vert representant for dei teknisk og administrativt tilsette.

To personar har sendt inn ei formell klage på grunn av ein teknisk svikt. Valstyret meiner at feilen ikkje har hatt noko å seie for valutfallet. Saka skal likevel handsamast av Den sentrale klagenemnd. Dermed er det framleis mogleg at det blir eit nytt val.

Valdeltakinga blant dei faste vitskaplege tilsette er 57,5 prosent. Blant dei mellombels tilsette er denne 31,8 prosent, medan talet for dei teknisk/administativt tilsette er 50,8 prosent.

Powered by Labrador CMS