ØNSKJER ENDRING: Nestleiar Vilde Coward i Velferdstinget meiner det er tid for ei fornying av «Trondheimsmodellen». - Dagens kontrakt mellom SiT og NTNUI undertrykkjer studentane si rett på organisasjonsfridom, seier ho.

– Forelda og urettferdig ordning

Arbeidsutvalet i Velferdstinget ønskjer å avslutte samarbeidet mellom SiT og NTNUI. Dagens modell særbehandler NTNUI og hemmar andre studentidrettslag, hevder dei.

Publisert Sist oppdatert

Etter fredagens møte i Arbeidsutvalet (AU) til Velferdstinget blei det klart at AU krevjer at  Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) Idrett seier opp sin noverande kontrakt med NTNUI og at det skrivast nye kontraktar som behandlar alle studentidrettslag på like vilkår.

Per dags dato må ein kjøpe medlemsskap i NTNUI for å få tilgang til SiT sine idrettsbygg. AU ønskjer å avvikle denne ordninga. I dag er totalkontigenten for eit årsmedlemskap i idrettsbyggene 1050 kroner for NTNU-studentar, kor 350 av desse går til NTNUI. Om innstillinga til AU blir godkjent, vil det skje ei oppstykking av kontigenten, slik at dei midlene som i dag går til NTNUI i staden går direkte til SiT Idrett.

Berre halvparten aktive

Innstillinga til AU er basert på evalueringsrapporten «Trondheimsmodellen for studentidretten» levert av NTNU Samfunnsforsking, der det kjem fram at det er eit behov for fornying av dagens modell. Då SiT Idrett avlasta NTNU frå driftinga av Idrettssentera på Gløshaugen og Dragvoll på 1990-talet, fekk NTNUI ei særstilling i den nye ordninga.

Bolig- og idrettsansvarlig Jarle Alexander Møller i AU meiner dagens modell særbehandlar NTNUI. Ifølge Møller står NTNUI i dag oppført med i underkant av 12000 betalande medlem, medan berre i overkant av 5000 av desse er aktive.

— I dag kan NTNUI søke midler for over dobbelt så mange medlemmer i forhold til den aktive andelen. Dette er ei forelda og urettferdig ordning, seier han.

NTNUI har i tillegg rett på all bruk av innandørshallar på Gløshaugen og Dragvoll, mykje grunna NTNU sin økonomiske støtte i samarbeidet. Dette fører til at andre studentidrettsorganisasjonar som HiST Studentidrett (HiSSI) og Trondheim Økonomiske Høgskole Sportsklubb (TØH SK) må bruke mykje av økonomien sin på å betale for bruk av eksterne hallar.

— Dagens modell hemmar andre studentidrettslag og gjer det vanskelig for dei å utvikle seg. SiT skal vere ei foreining som ivaretek alle studentar sine interesser, noko som ikkje skjer med dagens modell for studentidrett, seier Møller.

- Undertrykkjer organisasjonsfridom

Ifølge nestleiar Vilde Coward i Velferdstinget (VT) er mange av NTNUI sine medlem ikkje over at dei er medlem av idrettslaget. Ho er kritisk til at det ikkje er mogleg for studentar ved NTNU å velge å vere medlem av enten NTNUI eller SiT Idrett.

— Dagens kontrakt mellom SiT og NTNUI undertrykkjer studentane si rett på organisasjonsfridom, seier Coward.

Ho trekk óg fram at det ifølge rapporten er fleire studentar som er usikre på om det er SiT Idrett eller NTNUI som driv idrettsannlegga.

Misvisande medlemstall

Leiar Haakon Utby i NTNUI er skeptisk til AU sitt forslag. Ifølge Utby vil ei avløysing av Trondheimsmodellen føre til ei prisauke for NTNU-studentar som vil delta i både NTNUI og SiT Idrett. 

— Det er urettferdig at dei studentane som ønskjer å nytte det fulle idrettstilbodet i Trondheim vil få ei ekstra medlemsavgift i tillegg til den som allereie eksisterer. Dette vil ikkje kome studentane til gode, seier han.

Utby meiner uttalelsen om NTNUI-medlemskap er misvisande. 

— Dei som nyttar seg av mosjonstilbodet, Gløshaugen Idrettspark, koiene og Studenterhytta ikkje er talt med dette registeret. NTNUI har mange tilbod som kjem i tillegg til idrettsgruppene, seier han.

NTNU har, som einaste utdanningsinstutisjon i Trondheim, valt å gi økonomisk støtte til SiT Idrett gjennom fristasjonsvilkår. Dette inneber blant anna at dei stiller  areal til disposisjon for SiT Idrett både ved Gløshaugen, Dragvoll og Gløshaugen Idrettspark. Utby meiner difor det ikkje er urettferdig at NTNUI får hovudrett på bane- og hallbruk.

— NTNU støttar SiT Idrett økonomisk for å betre treningstilbodet for NTNU studentar. Om andre studentidrettslag vil komme på bana, bør kanskje AU oppfordre deira respektive utdanningsinstitusjonar til å bidra økonomisk, seier han.

Sjølvmotsigande idrettspolitikk

Utby er kritisk til Coward sin uttalelse om organisasjonsfridom, og meiner AU sjølv bryt prinsippet. På sine nettsider skriv Velferdstinget følgjande: «Velferdstinget vil at HiST-studentene som betaler brukerkontigent til SiT Idrett også skal bli meldt inn i HiSSI.»

— AU bør sjå nærmare på sin eigen idrettspolitikk. Det er rart at AU grunnar ønsket om å splitte medlemskontigenten til SiT Idrett og NTNUI i retten om organsiasjonsfridom, når dei samtidig ønsker å integrere HiSSI i SiT Idrett, seier Utby.

Han er likevel overraska over påstanden om at mange medlemmer i NTNUI ikkje er klar over at dei er medlem.

— Om dette er tilfelle vil vi be SiT om å umiddelbart klargjere instruks til til sine ansatte som sel medlemskap. Det er uakseptabelt om det er nokon som får feilaktig informasjon ved innmelding, seier Utby.

Endå ikkje avgjort

Innstillinga frå AU vil bli tatt opp til vurdering under neste møte i VT torsdag 27. september. Dette vil vere eit åpent møte der alle studentar som har betalt semesteravgift har moglegheit til å delta og komme med uttalalsar og forslag. 

Etter møtet vil VT avgjere kva retning dei velgjer å gå med saka. Saka vil gå vidare til ei styringsgruppe, der både SiT Idrett, NTNUI og VT er representert, som saman vil evaluere og diskutere innstillinga vidare. Foreløpig er det uklart når eventuelle endringar vil bli satt i verk. Kontrakten mellom SiT Idrett og NTNUI har eit års oppsigelsestid. Målet er å ha funne ei løysing i god tid før kontrakten SiT Idrett har skrive med Portalen går ut i 2015.

Powered by Labrador CMS