Forsvaret snur i vernepliktssaka
Studentar som vart innkalla til militæret i haust, får likevel utsetjing.
Samtlege studenter og høgskoleelevar som fekk innkalling til førstegangsteneste etter 1. juli 2005, vil få utsetjing om dei søkjer om dette. Det melder forsvarsdepartementet i ei pressemelding.
– I denne saka må behova til Forsvaret og samfunnets øvrige interesse vegast mot kvarandre. Vi har no funne ei løysing som Forsvaret kan leve med, og som gjer planleggjinga av studie og førstegangsteneste meir føreseibar for kvar einskild, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i ei pressemelding.
– Eg er glad for at ei rekkje studentar får høve til å halde fram på dei studia dei har starta på.
På grunn av stort fråfall blant dei som vart kalla inn i juni, sendte Forsvaret ut ekstra innkallingar i oktober. Det førte til at mange studentar fekk melding om å møte til førstegangsteneste i januar, etter at dei starta på studium i haust.
«Dette kan gripe uheldig inn i den enkelte students situasjon. Forsvaret er heller ikke tjent med umotiverte vernepliktige. Samtlige studenter/høgskoleelever som fikk innkalling til tjeneste etter 1. juli 2005 og som har søkt utsettelse, vil derfor få dette innvilget. Vernepliktsverket vil kontakte den enkelte dette gjelder,» skriv forsvarsdepartementet i pressemeldinga.
Forsvaret presiserer at denne avgjerda ikkje gjeld for studentar som fekk innkalling før 1. juli 2005. Desse vart kalla inn før dei starta på studia sine.