Forvirring rundt prestisjefag
Medan instituttet har vedteke å leggje ned «Ledelse i praksis», lover studiedirektøren at faget blir vidareført.
FRIVILLIG STUDENTARBEID
Foto: Magnus B. Willumsen, Under DuskenSKUFFA: Stian Samset Hoem er oppgitt over at NTNU moglegens legg ned faget «Ledelse i praksis».«Ledelse i praksis» er eit tilbod for studentar som har leiarverv i organisasjonar tilknytta Studentersamfundet. Faget vart oppretta i 2003 etter eit initiativ frå leiarane for UKA, ISFiT og Samfundet. NTNU har sidan brukt faget som eit symbol på at universitetet legg til rette for det frivillige engasjementet i byen.
No melder imidlertid instituttet som faget soknar til, Institutt for industriell økonomi og teknologileiing (IØT), at faget truleg vert lagt ned.
– IØT har tidlegare fått ei spesifikk tildeling frå NTNU for å dekkje ekstraordinære kostnader ved «Ledelse i praksis». Instituttet har ikkje fått stadfesting på at denne ordninga vert vidareført og vel mest sannsynleg å avvikle tilbodet, seier instituttleiar Øystein Moen.
– Blir ikkje lagt ned
Studiedirektør Hilde Skeie hevdar derimot av faget ikkje blir lagt ned.
– Vi arbeider, i samarbeid med Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing [som er fakultet IØT soknar til, journ. anm.], med å få til ei permanent finansiering for «Ledelse i praksis», seier ho til Under Dusken.
– Faget skal så klart ikkje leggjast ned. Det er eit prestisjeprosjekt for NTNU.
– Høyrt det før
Stian Samset Hoem er studentassistent i «Ledelse i praksis». Han er oppgitt over usikkerheita rundt den vidare eksistensen til faget.
– Beskjeden vi som er tilknytta faget forheld oss til, er at faget er lagt ned, at det ikkje blir noko fagleg opplegg for dei som er påmeldt faget neste semester, og at ingen fleire kan melde seg på. Det er for dårleg, seier han.
– Eg registrerer at studiedirektøren seier at det ordnar seg for faget. Det er kjempebra, men dette er noko vi har høyrt mange gangar før, seier Samset Hoem.
– Eg håper det ligg vilje og midlar bak lovnadane denne gangen.