Grønt lys for NTNU-samling
Ei samlokalisering av NTNU og HiST i Gløshaugen-området er mogleg. Det kjem fram i ei ny rapport. No må universitetet finne ut om det vil.
SAMLOKALISERING
Foto: Magnus B. Willumsen, Under DuskenNTNU har i dag to hovudcampus – eitt på Gløshaugen og eitt på Dragvoll. Sidan 1. april 2002 har styret ved universitetet sagt at det ønskjer å flytte den aktiviteten som i dag føregår på Dragvoll, til Gløshaugen.
To spørsmål har heile tida hengt over prosjektet: areal og pengar. Eigaren til NTNU, staten, ønskjer ikkje å spytte inn midlar til dei nybygga som trengst for å finansiere prosjektet. Dermed må NTNU – ved ei eventuell samlokalisering – finansiere nybygg på Gløshaugen ved å selje områda som universitetet eig på Dragvoll. Om dette lét seg gjere, har vore usikkert. I tillegg har kritikarar spurt om det er mogleg å presse 30 000 studentar og 10 000 tilsette på Gløshaugen. Men no slår ein ny rapport fast at det finst både plass og pengar.
150 000 kvadratmeter
Ein eventuell ny storcampus på Gløshaugen vil huse både NTNU og HiST. For å få til dette, trengst 150 000 kvadratmeter med nybygg. Dette omfattar eit læringssenter på Hesthagen, samt ein elvecampus som ligg ved Nidelva. Der vil dagens Dragvoll-miljø liggje, saman med delar av HiST. NTNU vil finansiere dette ved å selje eigedommane sine på Dragvoll.
Midt gjennom ein slik campus vil Elgesetergata, som i dag er ei av Nord-Europas mest forureina gate, liggje. For å handtere dette vil ein leggje gata i ei 180 meter lang kulvert med lok. Tanken er at både NTNU, HiST, Trondheim kommune og staten skal vere med på å finansiere dette prosjektet.
Eit alternativ til eincampusløysinga, er å behalde dagens tocampusløysing. Dette scenariet vil innebere ei kraftig opprusting av campusen på Dragvoll, som etter universitetsleiinga sitt syn ikkje held høg nok kvalitet i dag.
Sei di meining
Rapporten, som er utarbeidd av prosjektgruppa NTNU 2020/HiST 2020 – eventuell samlokalisering, skal danne grunnlaget for den vidare debatte ved NTNU. Den skal vare fram mot styremøtet 10. mai – då NTNU-styret skal seie endeleg «ja» eller «nei» til samlokalisering – skal heile universitetet ytre si meining om planane. Fakultet, institutt, fagforeiningar og studentorgan skal ytre seg gjennom høyringssvar.
I tillegg vil kvar tilsett og student ved NTNU bli tilsendt eit elektronisk spørsmålsskjema der dei får seie si meining om samlokaliseringsprosjektet. Denne spørjeundersøkinga vil skje i veka mellom mondag 3. og fredag 7. april.
Styreleiar Marit Arnstad ved NTNU understreker at sjølv om styret ønskjer så mange innspel som mogleg fram mot mai-møtet, så er det styrets heile og fulle ansvar å ta eit sjølvstendig vedtak i saka.