Hemmelege søkjarar
Tre av søkjarane til rektorstillinga har bedt om å bli unndregne offentlegheita.
Av dei fire eksterne søkarane er det berre adm. dir. Arne Bjørlykke ved Norges geologiske undersøkelse som er kjent. Dei tre andre har bedt om å bli unndrage offentlegheita.
Etter det Under Dusken erfarer, er direktør Petter Aasen ved NIFU STEP ein av desse tre. Han har tidlegare vore tilsett ved NTNU, blant anna som dekan ved Faktultet for samfunnsvitskap og teknologileiing og instituttstyrar ved Pedagogisk institutt. Dermed er ikkje Petter Aaslestad den einaste søkjaren med tilknytning til Dragvoll.
Aasen ønskjer ikkje å kommentere overfor Under Dusken om han har søkt. Han ønskjer heller ikkje å kommetere prosessen rundt rektortilsetjinga forøvrig.