Hotellavtale vert forlenga
No slepp du å stue mor, far og anna besøk inn på dine ti kvadrat.
STUDENTTILBOD
I fjor sommar inngjekk Velferdstinget ein avtale med Hotell Scandic Residence om at alle studentar i byen skulle få høve til å leige rom til omtrent halv pris. Denne ordninga har vore ein suksess, og Velferdstinget forlengar no avtalen til ut 2007.
Det vore omtrent 140 slike overnattingar ved hotellet i løpet av det fyrste året.
– Veldig mange studentar bur på små hyblar, og då kan det bli trongt om foreldre og søsken kjem på besøk. Det er stort sett desse som har nytta avtalen, seier leiar for Velferdstinget, Eirik Sandaas.
For å få eit slikt rom er det berre å henvise til Velferdstinget sin hotellavtale når ein bestiller rom. Sandaas reknar med at enno fleire benyttar avtalen til neste år, då 2007 bringer med seg både ISFiT og UKA.
Ved Scandic Residence kan dei imidlertid ikkje garantere studentar rom til denne gunstige prisen.
– Viss hotellet har stor pågong og kan få solgt rommet til full pris, er det opp til hotellet å seie ja eller nei, fortel resepsjonssjef ved hotellet, Bente Røvik.
Ho legg til at så lenge det ikkje er store arrangement i byen, held det å bestille ei veke i forvegen.