sentralbygget_ntnu

I strupen på Kunnskapsdepartementet

Fire representantar frå NTNU-styret meiner politikarne har ugunstige hensiktar i samlokaliseringsdebatten.

Publisert Sist oppdatert

I eit lesarinnlegg i Universitetsavisa går dei fire representantane ut mot Kunnskapsdepartementet (KD) og meiner dei neglisjerer NTNU sitt vedtak om to-campusløsning. Bjarne Foss, Anne Kristine Børresen, Kristin Dæhli og Magnus Steigedal viser til at NTNU har blitt ei brikke i eit politiske spel, der lokale og regionale politikarar sine ambisjonar om byutvikling kjem i konflikt med deira eigne ønskjer om ei utbygging av Dragvoll.

Ønsker ikkje ny konsekvensutreiing

Styrerepresentantane framhever at dei sidan vedtaket om to-campusløysning i 2006 har jobba hardt for å få realisert ei utbygging av Dragvoll, men at dei har blitt overkøyrt av KD sine interesser. Noko som kun fører dei inn i nye utreiingar.

– Dette slukkar håpet om ei snarleg løysing på plassproblema vi har. Det har vi vanskeleg for å akseptere, skriv dei.

Om NTNU følgjer KD sine krav om ei ny konseptvalutreiing meiner styrerepresentantane at det vil føre NTNU inn i fleire ugunstige situasjonar. Det vil forekomme endå ei forsinking i utbygginga. I tillegg vil gevinsten ved sal av Dragvoll havne i statskassa og ikkje komme NTNU til gode, med unntak av at det kan åpne for at NTNU kan "kjøpe" seg framover i køa av statlege utbyggingsprosjekt.

– Ingen av dei fem forutsetningane styret la til grunn for ei vidare utreiing i sitt vedtak 10. oktober 2012 er oppfylt. KD inviterer dermed ikkje til ein god prosess for NTNU sin framtidige utvikling, skriv styrerepresentantane.

Desse fem forutsetningane er utarbeida for å sikre at samlokaliseringa skal vere til beste for NTNU sine studentar og ansatte.

Bør ha lav tillit til KD

Styrerepresentantane stiller seg negative til nye utreiingar. Dei ønskjer å legge samhandlingstanken død, og heller satse hardt på Dragvoll.

– NTNU sin tillit til KD bør i denne saka vere lav, skriv dei.

Studentrepresentant Tina Melfjord i NTNU-styret er einig i at KD overkøyrer NTNU, men meiner ein heller bør sjå framover og godta situasjonen slik den er.

– Ei ny konsekvensutreiing vil vise kva som er best av samlokalisering og utbygging på Dragvoll. Difor meiner eg vi bør stille oss positive til KD og håpe på en konstruktiv debatt når saken skal opp i styret, sier Melfjord.

Powered by Labrador CMS