
Jentemangel på verkstaden
Langt nede i ein kjellar på Gløshaugen, innerst i ein gang, finn ein verkstaden som maskinstudentane har til disposisjon. No ynskjer verksmester Anderas Wulvik at fleire jenter vil nytte seg av denne.
– Det har blitt sånn at det er flest mannlege studentar som er her. Av og til er det ei og anna jente innom verkstaden, men det er ikkje nokon faste gjengangarar, seier Wulvik.
Kvar onsdag er verkstaden åpen for maskinstudentar, og Wulvik håpar at fleire jenter vil ta i bruk tilbodet.
– Når vi møtast her, har vi det både morosamt saman, samtidig som det er lærerikt. Ein kan drive med det ein vil, anten det er å bygge noko, reparere ein sykkel, eller om ein berre kjem for å vere sosial, seier han.
Meir informasjon
Kvifor det har blitt ein tendens at det er dei mannlege studentane som møter opp, har ikkje Wulvik noko klart svar på, men maskinstudent Marthe Bostad meinar at det er fordi det ikkje vert informert nok om det.
Bostad går no sitt andre år på maskinlinja, og har enno ikkje vore innom verkstaden.
– Eg trur studentane må få meir informasjon om kva som faktisk skjer der, for å få lyst til å vere med, seier Bostad.
Wulvik meinar at det er positivt at maskinstudentar får øve seg på å lage noko i praksis.
– Ein skal ha oppgåver der ein skal lage produkt i skulesamanheng, så det å kome hit å få prøve seg fram på eigne prosjekt er lærerikt. Ved sidan av jobbinga er det også sosialt, så eg meinar at dette er eit kjempebra tilbod.
Spesifikt prosjekt
Bostad meinar også at det er relevant for studiene å bruke tid i verkstaden, men ho meinar at ein må ha eit spesifikt prosjekt å halde på med, for å få noko ut av tida der.
– Det er veldig praktisk for dei studentane som lærer noko av å vere der. Personeleg må eg vite at eg får noko utbytte av å møte opp, og det er kanskje difor eg ikkje har vore der enno, seier ho.
Tidlegare i år vart det arrangert ein verkstad-dag der kvinnelege studentar kunne kome med syklane sine, for å få dei reparert.
– Det var heilt stappfullt her då. Veldig mange kom, og det var ein kjempesuksess. Det er slike arrangement vi ynskjer å ha igjen, for å få vise nye folk kva vi driv med her, seier Wulvik.
Bostad trur at dette er ein god idè, for å få fleire til å kome til verkstaden.
– Når det ver laga slike arrangement, så er det større sjanse for at mange vil få informasjon om ordninga. Når folk først har vore der ein gong, er det sikkert mykje større sjanse for at dei byrjar å fare dit regelmessig, meinar Bostad, og legg til at ho gjerne vil ta turen innom i framtida.