Jusstudent velta konsernstyrevalet

Ved ikkje å møte opp.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 3. november skulle Velferdstinget (VT) velje to studentar inn i konsernstyret til Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT). Men eit tre timar langt møte på Gløshaugen var resultatlaust, og valet blei utsett.

Foto: Erlend Dahlhaug Paxal, Under DuskenINGEN BLEI VALT: Manglaande oppmøte sørga for at ingen blei valt inn i konsernstyret i Studentsamskipnaden torsdag førre veke. Studenttingsleiar Ronny S. Furunes (t. v.), tidligare Venstre-listetopp i Sør-Trøndelag, Guri Melby (i midten) og tidligare studenttingsleiar Maria S. Fjellstad (t. h.) kom lengst. Nytt val vart held påfølgjande måndag.

VT skulle velje ein student av gangen. Men organet makta ikkje å velje ein første kandidat. Ved siste valomgang fekk nemleg kandidatane Maria Serafia Fjellstad og Guri Melby åtte stemmer kvar.

VT har normalt 17 representantar, men studenten frå Trondheim Juridiske Studenters Forening (TJSF) møtte ikkje. Dermed fekk kandidatane likt stemmetal.

VT-leiar Ringdal beklagar at valet vart resultatlaust, men påpeikar at det er viktig å følgje reglementet.

– Vi kan ikkje ta lett på reglane under eit val, seier ho.

VT arrangerte eit nytt val måndag 7. november. Då hadde dette nummeret av Under Dusken alt gått i trykken. Les underdusken.no for å finne resultatet frå dette valet.

Powered by Labrador CMS