– Kan både styre og studere
Ein student i styret har også tid til å studere. Det meiner styrerepresentant Bjørn Utgård. Han er usamd i Studenttingets vedtak om at studentar skal sitje på heiltid i NTNU-styret.
Sidan januar 2004 har studentane i NTNU-styret vore fulltidsstudentar. Det vil Studenttinget ha ein slutt på. Styrevervet er for krevjande til at ein kan studere ved sidan av, meiner organet.
Foto: Anne-Stine Johnsbråten, Under DuskenTID NOK: Bjørn Utgård i NTNU-styret meiner at studentar har tid til både å studere og sitje i styret. Studenttinget er ueinig. Og det avgjer.
Bjørn Utgård, som har sete i styret samtidig som han har vore student, meiner det er fullt mogleg å kombinere studier med styrevervet. På studenttingsmøtet argumenterte han kraftig mot at dei to styreverva skal bli heiltidsstillingar.
– Eg bruker om lag ti timar i veka på arbeid knytta til styrestillinga. Då seier det seg sjølv at det er tid til å studere ved sidan av, seier han.
Fornøgd STi-leiar
Studenttingsleiar Ronny Sødahl Furunes ønskjer at studentane i styret skal sitje på heiltid og er nøgd med at vedtaket vart halt i land.
– Heile studentdemokratiet har for lite arbeidskraft. Vi har undersøkt fleire måtar å løyse dette problemet på. Konklusjonen vart at å ha styrerepresentantar på heiltid er ei av dei beste investeringane vi kunne gjere, seier han.
STi-leiaren meiner at styrevervet er så krevjande at det vert naturleg å gjere den om til ei heiltidsstilling.
– Ein student i styret må kunne skaffe seg oversyn over mange sakskompleks, og ein nyvalt representant får ei bratt læringskurve. Det er nok ikkje mogleg viss han eller ho må studere ved sidan av, seier Furunes.
– Alternativet er at berre personar som alt har arbeidd med studentpolitikk tidlegare stiller på styreval. Men vi ønskjer å unngå ei slik form for internrekruttering.
Tilbake til start
Med vedtaket om heiltidsrepresentantar i styret vel STi å gå attende til den ordninga organet forkasta for halvanna år sida.
STi-leiar Ronny Sødahl Furunes medgir at heilomvendinga ikkje er optimal.
– Ideelt sett skulle vi hatt eit større erfaringsgrunnlag før vi bestemte oss for å gå attende til den gamle ordninga, seier han.
– Men hovudpoenget er at styrerepresentantane ikkje har nok tid til å halde skikkeleg kontakt med resten av studentdemokratiet, meiner Sødahl Furunes.
Det er ikkje fjorårets studenttingsleiar Maria Serafia Fjellstad einig i. Ho synest at ho samarbeidde godt med deltidsrepresentantane i styret.
– Styrerepresentantane og fjorårets STi-leiing samarbeidde godt saman. Vi klarte til dømes å bringe samlokaliseringssaka på bana, og det var veldig medverkande til at saka no vert greidd ut.
Ho kritiserer Studenttinget for å tenkje kortsiktig.
– I staden for å sjå på strukturen til heile studentdemokratiet, har ein gjennomført store omveltningar på to stillingar, men er altså tilbake ved utgangspunktet.