– Kan rasere studenttilbodet
Styreleiar i SiT, Sindre Balas, fryktar for framtida til store delar av tilbodet til samskipnaden dersom regjeringa sitt forslag til samskipnadslov går gjennom.
STUDENTVELFERD
Foto: Audun Reinaas, Under DuskenKRITISK: Styreleiar Sindre Balas i SiT fryktar at den nye samskipnadslova får negative konsekvenser for samskipnaden.Balas meiner forslaget kan føre til store problemer fordi det legg opp til at samskipnadane berre skal tilby tenester retta mot studentar.
– For SiT vil det bli vanskeleg å drive til dømes trykkeri og reisebyrå, forklarer han.
– Andre tenester vi tilbyr, som til dømes kafédrift, er avhengig av ei kritisk masse. Det vil seie at studentane aleine ikkje utgjer ein stor nok marknad til å drive tenesta. Studentane kan likevel nyte godt av tilbodet. Då er det dumt at lova innskrenker denne moglegheita.
Balas er også negativ til at lova opnar for større kontroll frå departementet.
– Det gjer det vanskelegare for oss å drive samskipnaden på ein god og effektiv måte. Vi er avhengige av å kunne ha ei rasjonell drift for å kunne ha eit godt og rimeleg tilbod til studentane. Dersom vi blir nødt å drive på ein dyrare måte, havnar rekninga hjå studentane, for departementet gir oss særs lite tilskot, seier han.
– Ingen samanheng
Eit regjeringsoppnevnt utval konkluderte i fjor med at samskipnadsordninga var god og burde vidareførast. Balas ser liten samanheng mellom konklusjonane frå utvalet og lovforslaget frå departementet.
– Vi har kome langt i utvikle samskipnadane på ein føremålstenleg måte i Noreg. Diverre legg denne nye lova meir opp til at departementet skal kunne kontrollere verksemda vår enn å utvikle den, meiner han.
Bedre stemning i hovudstaden
– Vi er stort sett nøgd med det nye framlegget til samskipnadslov, seier fungerande styreleiar Trond Enger i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).
Grunnen er at det lovframlegget ivaretek tilbakekallingsretten, retten Velferdstinget har til å avsetje studentrepresentantane i samskipnadsstyret, og at studentar kan utgjere fleirtalet i styret.
Enger er likevel skeptisk til eit par punkt i lovframlegget.
– Vi fryktar at framlegget om at samskipnad berre skal tilby tenester til studenter kan vere for snever. SiO har blant anna ei cateringteneste for store tilstellingar på universitetet. Det er ikkje opplagt studentvelferd, men likevel ei teneste det blir venta at vi skal tilby.
Departementet ønskjer også moglegheit til å oppløyse samskipnadsstyret. SiO-styreleiaren kaller dette for «ein merkeleg konstruksjon».
– Eg synest at styrerepresentane først og fremst skal stå ansvarleg for dei som dei er valt av. Til dømes bør studentrepresentane i styret stå ansvarleg for studentane, og ikkje departementet.
Kunnskapsdepartementet ønskjer ikkje å kommentere nokon av endringsframlegga før høyringsfristen har gått ut 12. mars.