Klare prioriteringar

Publisert Sist oppdatert

Skal studentar ha akkurat den same levestandarden som alle andre?

Dette spørsmålet stilte kunnskapsminister Øystein Djupedal på ein pressekonferanse der levekårsundersøkinga for studentar vart presentert. Undersøkinga viser at studentane i snitt bruker 30 timar på studia i veka. Det meiner kunnskapsministeren er altfor lite.

Regjeringa hadde mange lovnader for høgare utdanning i Soria Moria-erklæringa. Ein av dei var å «sikre en studiefinansiering som gjør det mulig å studere på heltid», utan å spesifisere ein sum. Mykje tyder på at regjeringa no har funne den summen: Det same som den alltid har vore – trass i at levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå viser at ni av ti studentar ser seg nøydd til å jobbe ved sidan av studiene.

Professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen uttaler i dette nummeret av Under Dusken at arbeid ved sidan av studiene gjer det vanskelegare å fordjupe seg i eit fag. Med andre ord: Deltidsarbeid går ut over læringskvaliteten til studentane.

Dersom Djupedal verkeleg vil at studentane skal studere på heiltid, må han leggje til rette for det. Det nyttar ikkje å formane at ein må nøye seg med ein lågare levestandard enn alle andre. Studentane kjem ikkje til å kutte i forbruket, seie opp deltidsjobbane sine og kaste seg over pensumbøkene sjølv om kunnskapsministeren ønskjer det. Politisk styring fungerer ikkje på den måten.

Det er mange studentar i Noreg. Å auke studiestøtta monaleg til alle vil krevje at andre gode føremål blir nedprioritert. Men det trengs dersom ein ønskjer mange og dedikerte studentar. Alternativet er å leggje opp til at studiene berre ein av fleire ting studentane syslar med.

Under Dusken oppmodar kunnskapsministeren til å bli klar på om han ønskjer at den norske studenten skal vere ein heiltidsstudent eller ikkje. Vi håper på eit klart «ja». Men eit klart «nei» er mykje betre enn brotne lovnader og lausprat.

Nytt høvet!

Fredag 16. startar ISFiT, Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. Festivalen har eit godt tilbod til alle trondheimsstudentar; både til dei som ønskjer flotte konsertopplevingar og dei som vil forstå verda vi lev i litt betre.

Alle og einkvar vil gjere lurt i sjekke ut programmet og delta på mykje på festivalen som dei kan. Vi har alle godt av å løfte blikket ut av pensumboka og over på dei store spørsmåla i ny og ne.

Powered by Labrador CMS