
Knyter bånd på tvers av skular
Som eit resultat av samarbeid mellom NTNU, BI og HiST såg Finansdagen for første gong dagens lys førre onsdag.
Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i meglarhuset First Securities er eit velkjend andlet i media, var blant føredragshaldarane som var tilstades. Under sitt foredrag om makroemne delte han sitt syn på den noverande verdsøkonomien.
– Eg trur verda blir betre om eit par år. Me er på veg ut av skogen, seier han.
Han meiner også at den såkalla bustadbobla i Noreg snart kjem til å sprekke, og at prisane peikar nedover.
– Før eller seinare vil det skje, seier han.
Spanande program
Den anerkjende økonomen Trygve Hegnar avslutta med eit foredrag om korleis ein kan slå aksjemarknaden. I si fartstid som investor har han gjort det stort på mange område, og det var difor mange som hadde møtt opp for å høyre den vellukka gründerens tips og triks.
– Det er umogleg å slå marknaden, men med å tenkje sjølv kan ein komme eit godt stykke på veg, seier Hegnar.
Han meiner også at kunnskap speler ei veldig viktig rolle i kampen om å vinne aksjekampen.
– Eg trur det er mogleg å plukke ting i marknaden, men ein må vere god på makrosida for å klare å slå den. Ein må skjønne Noreg, seier han.
HiST, BI og NTNU
Det siste halvåret har seks studentar frå dei tre skulane arbeida på spreng for å komme i mål med det som dei fleste tidlegare kjende som aksjedagen på Trondheim Økonomiske Høgskule (TØH).
– Tidlegare hadde dei tre skulane sine eigne temadagar, men for eit halvt år sidan bestemde me oss for å slå oss i saman og heller arrangere ein felles dag, seier styreleiar Martin Hjelmeland i Finansdagen.
Sjølve målet med det var å samle dei tre skulane, noko alle er enige om at har gitt resultat.
– Det har meir eller mindre blitt som ei bindebru mellom dei tre skulane våre, og har ført til at me har vorte betre kjend med kvarandre, seier han.
Etter mange positive tilbakemeldingar på arrangementet er dei ikkje i tvil om at dette skal gjentakast til neste år, noko deltakaren Sigrid Magelssen Godø er einig i.
– Dette har vore eit bra arrangement, men eg har trua på at det kan bli endo betre, seier Magelssen Godø.