Krever politiattesten tilbake

Publisert Sist oppdatert

Norsk psykologforeining har sendt brev til Kunnskapsdepartementet der dei held fram eit krav om at også psykologi- og medisinstudentar skal måtte vise politiattest ved opptak, slik det er på lærarstudiet.

– I gamle dagar trengte ein vandelsattest for å bli psykolog. Vi ønskjer å innføre dette igjen, informerer fagsjef i organisasjonen, Anders Skuterud.

Skuterud skildrar dagens situasjon som uheldig.

– Slik det er i dag kan pedofile og kriminelle bli både psykologar, legar og sjukepleiarar.

Han meiner det trengs strengare prosedyrar i både opptaks - og autorisasjonsprosessen.

– I dag er det veldig lite kontroll på begge to.

Knut Skåldestad ved Statens autorisasjonskontor ønskjer innspela velkomne.

– Mangel på faktaopplysningar og politiattest er hovudproblemet. I dag er det for tilfeldig når ein får vite om slike saker eller ikkje, seier Skåldestad.

Powered by Labrador CMS