– Kunnskapslaus argumentasjon

Tre studentar Under Dusken har prata med er ikkje imponert over regjeringa sitt forsvar av pensjonsforliket.

Publisert Sist oppdatert

PENSJONSREFORMA

Foto: Marte Lohne, Under DuskenIKKJE IMPONERT: Håvard Skomedal Torvanger, Gunstein Skomedal og Ragnhild Jørgensen reagerer på at studentane kjem dårleg ut i den nye pensjonsreforma.– Andre land, til dømes Finland, gir pensjonspoeng til studentane. Då er det merkeleg at vi ikkje har råd til det i Noreg, meiner Ragnhild Jørgensen.

Ho studerer juss ved Folkeuniversitetet, og reagerer på at regjeringa argumenterer med at dei som tek høgare utdanning også får høgare løn og dermed meir pensjon.

– Det er ikkje nokon automatikk i at høgt utdanna folk tener betre enn dei som ikkje tek slik utdanning, seier Jørgensen.

– Det burde løne seg å ta høgare utdanning. Ein høgt utdanna arbeidsstyrke er det einaste fortrinnet Noreg kan ha. I forhold til andre land tener ikkje dei med høgare utdanning spesielt mykje betre enn andre. I tillegg misser ein inntektsår medan ein studerer, seier Håvard Skomedal Torvanger.

Han studerer energi- og miljøteknikk ved NTNU.

– Eg har ikkje inntrykk av at ufaglærte tener spesielt dårleg. Heismontører og offshore-arbeiarar tener vel ganske godt, seier student i materialteknologi, Gunstein Skomedal.

Studentane fryktar at pensjonsreforma fører til at fleire følgjer pengane. Ragnhild Jørgensen trur at det kan gjere det mindre forlokkande å drive med idealistisk arbeid.

– Det blir mindre attraktivt no for dokterar å arbeide for Leger Uten Grenser, for det vil jo gå ut over livsløpsinntekta. Det var ikkje eit problem då ein nytta besteårsregelen, seier ho.

Håvard Skomedal Torvanger trur at reformen kan gjere det mindre attraktivt å ta doktorgrad.

– Når du har mista inntekt og pensjonspoeng ved å ta master, er det sikkert ikkje så fristande å ta fire nye år med låg inntekt, seier han.

Han trur likevel ikkje at saka opptek studentane veldig sterkt.

– Eg trur ikkje det blir prata så mykje om dette på kantinene på Gløshaugen. Det er på ein måte litt trist å sitje og planleggje pensjonstilværet når ein ikkje eingong er ferdig å studere. Men det er absolutt ei sak som burde oppta studentane, seier Skomedal Torvanger.

Powered by Labrador CMS