
Kven tok «Arne»?
Etter å ha forsynt svoltne studentar med gratis mat det siste halve året vart kjøleskåpet «Arne» fjerna frå realfagskantina på Gløshaugen tysdag.
Dusken.no skreiv i mai om Gratiskjøleskapet «Arne» som på Trondheims Grønne Studenter sitt intiativ blir fylt med «dumpstermat» kvar vekedag.
Ifølge samarbeidsprosjektet ForMat kastast det i Norge over 300 000 tonn spiseleg mat kvart år. Med «Arne» ønska Trondheims Grønne Studenter å sette fokus på denne saka.
Forrige fredag hang det plutseleg ein lapp frå ein ukjend adressat på kjøleskåpet. «Arne» måtte bort frå realfagsbygget innan måndag 26.august, om ikkje blei det fjerna. Tysdag ettermiddag var det borte.
– Eg fylte som vanleg på mat i kjøleskåpet tidleg tysdag morgon, då eg kom tilbake utpå ettermiddagen vart eg overraska over å sjå at kjøleskåpet var borte, seier Hanne Nes Reiersen i Trondheims Grønne Studenter.
Ukjend kidnappar
I går vart «Arne» funne i ein øde og forlatt gang i kjellaren på realfagsbygget. Til no er det ikkje kjend kven som stal kjøleskåpet, heller ikkje kvifor. Kantineleiar Astrid Gjønik Faaren i SiT Kafe Realfag har i utgangspunktet ikkje noko i mot «Arne», men seier det lenge har vore diskutert at «Arne» ikkje kan stå på realfagkantina sitt område grunna IK-mat og HMS-reglar.
– Det vert feil å linke gratiskjøleskapet og kantina saman. Men eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje veit kven som har fjerna kjøleskapet, seier ho.
Det har fleire gonger blitt funne mat merka med SiT sin logo i gratiskjøleskapet. Faaren meiner dette er uheldig.
– Om maten skulle vere dårleg og den kjem frå oss, vil det skapa problem for SiT, seier ho.
Ny heim for «Arne»?
Til tross for kidnappinga av «Arne» er ikkje Trondheims Grønne Studenter bitre.
– No ser vi oss om etter ein ny plass på Gløshaugen der «Arne» kan stå. Forhåpentlegvis finn me ein ny tilhaldsstad fort, kanskje er Stripa aktuell, seier Reiersen.
«Arne» har sidan april blitt ein kjent og kjær attraksjon blant realfagstudentane. Per i dag har han over 500 følgarar på Facebook og Reiersen kan melde om at all mat forsvinn på rekordfart.
– Mange studentar er begeistra over «Arne». Vi har full forståing for at Faaren og SiT Kafe Realfag må ta sine førehandsreglar, men håpar nokon andre vil ta i mot kjøleskåpet snarast, seier ho.
Dusken.no har til no ikkje lukkast i å finne ut kven som stod bak bortføringa av «Arne».